|

I bøkene Frosken og fuglesongen og Frosken og den vide verda fylgjer me den morosame og undrande frosken og vennene hans. Max Velthuijs har til saman gitt ut 10 bøker om denne frosken der han med humor og innsikt skildrar små og store opplevingar i livet, både for froskar og menneske.
|
|
Les meir …
|
|
|
– Alt samvære er språkleg samvære, seier pedagogisk konsulent i Seljord kommune, Tone Bøhn.
Sidan 2005 har Seljord kommune satsa på språkstimulering i barnehagane. Via prosjektmidlar frå Fylkesmannen i Telemark har dei fått auka kompetansen i personalet, laga plan for språkstimulering og fått samla og bygd opp verktøy, lokalt kulturstoff og metodar for språkstimulering.
|
|
Les meir …
|
|
I Heddeli barnehage har bleieskift, ryddestund og måltid blitt arenaer for språkarbeid.
– I staden for å skunde på ungane ved toalettbesøk eller å rydde ut av oppvaskmaskina åleine, bruker vi no desse stundene til samtalar med barna, seier avdelingsleiar Nina Merete Bakkåker i Telemark-barnehagen.
|
|
Les meir …
|
|
Kva er det eigentleg å vere forelska? Er det å falle pladask ned på nokon? Eller er det når ein er sprutraud i fjeset? Er det berre noko prinsar og prinsesser er? Og kan ein ikkje brenne seg på forelskinga? Er ikkje det ein brann?
Det er mange spørsmål som dukkar opp når ein prøver å finne ut av kva forelsking eigentleg er. Det er det også hjå Simone, Olav og dei andre barna i barnehagen som me møter i boka Forelsking av forfattar og illustratør Rébecca Dautremer.
|
|
Les meir …
|
NRK innfrir ikkje kravet til at minst 25 prosent av innhaldet på TV
og i radio skal vere på nynorsk, skriv lnk.no. Det slår Medietilsynet
fast etter å ha vurdert NRK sin årsrapport
for 2009.
Les heile saka her
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |