Ny rammeplan: Barnehagane får siste ordet

Ny rammeplan: Barnehagane får siste ordet

Utdanningsforbundet er nøgde med at det pedagogiske ansvaret blir plassert i barnehagane.

Vestlandssamarbeid vil vekkje leselyst

Vestlandssamarbeid vil vekkje leselyst

Om lag 60 lesegledarar vil formidle bøker og spreie leselyst rundt om kring i dei tre fylka.

Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!

Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!

Den nye barnebokheltinna Ollis har fått namn etter fem eksepsjonelle kvinner, fordi mor hennar...

– Viktig å formidla på nynorsk

– Viktig å formidla på nynorsk

    Statssekretær Magnus Thue i Kunnskapsdepartementet fortel at Lesesenteret tar grep for å...

– Me treng eit nytt barnehageopprør

– Me treng eit nytt barnehageopprør

  Filmskaparen Margreth Olin med klar oppmoding til barnehagestudentar på Stord.

  • Ny rammeplan: Barnehagane får siste ordet

    Ny rammeplan: Barnehagane får siste ordet

  • Vestlandssamarbeid vil vekkje leselyst

    Vestlandssamarbeid vil vekkje leselyst

  • Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!

    Sjå opp for Oda Lise Louise Inger Sonja!

  • – Viktig å formidla på nynorsk

    – Viktig å formidla på nynorsk

  • – Me treng eit nytt barnehageopprør

    – Me treng eit nytt barnehageopprør

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Brennaktuell ny Jakob og Neikob-bok

Skrive av Svein Olav Langåker.

Med «Jakob og Neikob. Naboen» har Kari Stai dikta ei leikande, morosam, spennande og alvorleg historie som stikk hol på framandfrykt på sviande elegant vis.

Kari Stai debuterte med bildeboka Jakob og Neikob i 2008. Boka fekk ei strålande mottaking, og Stai blei heidra med debutantprisen til Kulturdepartementet.

Jakob og Neikob-bøkene er like populære blant vaksne og born. Stai har teikna opp tydelege og gjenkjennande karakterar og funne ei genialt enkel form for historieforteljing, gjennom Jakob som seier ja og Neikob som seier nei. Historiane tar ofte nye vendingar, og alle frydar seg når Jakob lurer negative Neikob med «du har vel ikkje noko i mot...?».

Den fjerde og siste boka i serien, «Jakob og Neikob. Naboen», er ei spennande og morosam bok. Jakob og Neikob ein ny nabo. Som vanleg er det Neikob som er negativ, og som vanleg er dialogen leikande. Ei ny vending er bruken av motspørsmål:

– Har du ikkje høyrt om nabobråk og nabokrangel? spør Neikob.
– Har du ikkje høyrt om nabolag og naboskap? spør Jakob.
– NEI, svarer Neikob.

«Jakob og Neikob. Naboen» er den første boka i serien som kan lesast inn i ei brennaktuell politisk sak. Det er lett å trekkja parallellar til debatten om innvandring, framandfrykt og integrering. Skal ein byggja murar og gjerde eller bruer?

Men boka treng ikkje lesast inn i vår politiske samtid. Frykt for det ukjende, solidaritet, korleis me møter andre og korleis me byggjer vennskap og naboskap er allmenne spørsmål som me menneske har bala med til alle tider. Boka vil passa godt for samtale både heime, på skule og i barnehagar. Ja, ho burde vore på pensum frå barnehage til høgskule!

Med «Jakob og Neikob. Naboen» har Kari Stai klart å fornya og løfta ein serie som allereie har fått klassikarstatus. Eg seier berre: gratulerer og hipp, hipp, hurra!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.