Dagen startar best med song

Dagen startar best med song

Her finn du songar å starta dagen med!

Song er kulturformidling og eksistensielt nødvendig!

Song er kulturformidling og eksistensielt nødvendig!

«Ein heldig valt fellessong som start på dagen skapar kjensle av liv og samhald,  form og...

Norske barn har lese over 550.000 bøker i sommar

Norske barn har lese over 550.000 bøker i sommar

  Rekordtal for Sommarles-kampanjen.

8 tips for ein skule som vil synga meir

8 tips for ein skule som vil synga meir

Ulrika Bergroth-Plur er dagleg leiar i Musikk i skolen og kjem med åtte tips til å styrkja...

«Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

«Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

  BOKMELDING: Bokdebutant Ingunn Thon skriv godt og hjartevarmt om modige Ollis sin leit etter...

  • Dagen startar best med song

    Dagen startar best med song

  • Song er kulturformidling og eksistensielt nødvendig!

    Song er kulturformidling og eksistensielt nødvendig!

  • Norske barn har lese over 550.000 bøker i sommar

    Norske barn har lese over 550.000 bøker i sommar

  • 8 tips for ein skule som vil synga meir

    8 tips for ein skule som vil synga meir

  • «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

    «Sjeldan eg har blitt så rørt av ei bok»

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Skildrar bieliv i ny barnebok

Skrive av Elise Løvereide.

Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer håpar at barn kan ha omsorg for insekt. – Berre det å ikkje fjerne løvetanna kan vere ei teneste for biene, som et pollen frå desse. No til dags skal alle ha så sterile hagar, med plen og hekk, seier Kramer. Foto: June Witzøe

Per Olav Kaldestad og Hilde Kramer har brukt to år på å lære alt dei kan om bier. No gjev dei ut ei illustrert barnebok om eit bieliv – og om trugslane biene møter.

 

Måndag 5. september blir boka «Dronninga kallar» utgjeve, og er Kaldestad og Kramer sitt andre felles bokprosjekt. Kaldestad har skrive fleire bøker tidlegare, medan Kramer er ein illustratør med lang fartstid og undervisar på Kunsthøgskulen i Bergen.

– Ideen byrja med at eg var på besøk hjå Hilde og mannen hennar, som er birøktar. Når du opnar lokket til bikuben, kjem tusenvis av bier opp og vil helse på deg. Det var noko fascinerande ved dei, seier Kaldestad, som til vanleg er svært oppteken av natur og dyreliv.

På same tid skulle sonen hans, Åsmund, delta i ei operaoppsetting, Nabucco, skrive av den italienske komponisten Giuseppe Verdi. Operaen har både solistar og kor, der solistane ropar på koret, og koret svarar. Akkurat det same skjer hjå biene: Dronninga kallar på sine undersåttar, og dei svarar.

Noko er gale

Men i historia til «Dronninga kallar», opplever Dronninga at sjølv om arbeidarane svarar, verkar dei slitne og sjuke. Somme av dei døyr. Dronninga blir uroleg, og redd for at noko er gale. Vidare drøymer Dronninga om det bekymringslause livet tilbake til då ho blei fødd. No er livet annleis – kva er det som har skjedd?

Gjennom livlege illustrasjonar av karakteristiske bier, blir vi ønskt velkomen inn i eit liv som bie, og dei farane som trugar.

– Vi ville formidle og framstille eit bieliv for barna. Biedauden gjev grunn til uro, men det var ikkje den største drivkrafta bak boka, seier Hilde Kramer.

Ho skildrar bier som intelligente og samansette skapningar, såkalla superorganismar. Sjølv har ho 30 bikubar i hagen.

– Det som fascinerer meg med biene, er fellesskapet deira, som kan minne om eit stammesamfunn. Dronninga er avhengig av arbeidarane, men dei er også avhengig av henne, seier Kramer.

– Ikkje drep insekta!

Som i dei fleste barnebøker, er det ein positiv slutt, men Kaldestad understrekar at han ikkje nødvendigvis er endeleg.

– Det er opp til lesarane om dei meiner det er ein lykkeleg slutt eller ikkje. Sjølv om boka er fiksjon, så er det mykje fakta gjennom forteljinga, seier Kaldestad.

Med det håpar han at også foreldre og lærarar vil bruke boka, og at dei til liks med barna vil lære meir om bienes spennande liv. Samstundes kan ein skimte litt samfunnskritikk:

– Sjølv om det er ulovleg å bruke sprøytemiddel på plantane på dagtid, blir dette gjort fleire stadar likevel. Dermed aner biene fare, og må kome seg unna. Det skal lite til for å øydeleggje bieverda, seier Kramer.

Og bier er heilt vesentlege for jorda ved å bestøve blomane.

– Sjølv om veps og bier kan vere irriterande, bør ein ikkje drepe dei. Årsaka til at dei er så aggressive no i august, er at dei er meir svoltne, seier Kramer, og viser til at det er færre pollenkjelder om hausten.

Hilde Kramer med birøktarutstyr. Foto: Marek Woloszyn

Mange trugslar mot bier

Siri-Christine Seehuus er ekspert på bier, som førsteamanuensis i Natur, miljø og helse ved Dronning Mauds Minne Høgskule i Trondheim. Ho meiner trugslane mot biene er samansett.

– Bier er sosiale, og må takast vare på som om dei var husdyr. Den største trugselen mot biene er dårleg stell av birøktar, sjukdom og svolt. Dei fleste sjukdommane kan stort sett unngåast ved godt stell og sjukdomshandsaming. Det verste stoffet mot bier i sprøytemiddel, neonicotinider, er forbode i Noreg, og er difor ikkje eit stort problem her, seier Seehuus.

Sølv om trugslane mot biene er mange, er det likevel overlevingsevna til flokken som er det sentrale i boka – i tillegg til bienes fantastiske liv og eigenskapar.

Ein skal kunne identifisere seg med dyr

For Kaldestad og Kramer har noko av det viktigaste vore at ein skal kunne identifisere seg med dyr, og at dette vil skape forståing og omsorg for biene.

For illustratøren var det viktig at ho ikkje teikna noko som ikkje er rett.

– Eg ville teikne alle biene med individuelle trekk, og vi måtte lese mykje om bier før vi byrja på boka, fortel ho.

Kaldestad fell raskt for Kramer sine bie-illustrasjonar.

– Årsaka til at vi jobbar så godt i lag, er at vi begge er opptekne av rytme og klang i tekst og bilete. I tillegg jobbar vi tett utan å overstyre kvarandre, seier han.

Fem år etter ideen først kom, blir «Dronninga kallar» no lansert 5. september. På Litteraturhuset i Bergen vil forfattarane vise bilete og fortelje om boka, som er utgjeven av Cappelen Damm.

 

BIKUBAR: - Sjølv om eg har hatt bikubar på tomta i fleire år, får eg sjeldan stikk. Dei stikk berre om dei kjenner seg truga, seier Hilde Kramer. Dei siste to åra har ho teikna bier til boka «Dronninga kallar», som blir utgjeve denne månaden. Foto: Marek Woloszyn

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.