Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag. Ho får prisen for boka...

Syng Blåmann og vinn fine premiar!

Syng Blåmann og vinn fine premiar!

Skular, kulturskular, kor og barnehagar over heile landet er invitert til å synga med på...

Maria Parr: «I dag vil eg slå eit slag for barnehagane»

Maria Parr: «I dag vil eg slå eit slag for barnehagane»

«Vi er mange som kunne lært litt av livet i barnehagen», skriv Maria Parr.

Fleirtal for å evaluera seksårsreforma

Fleirtal for å evaluera seksårsreforma

Stortingsfleirtalet går inn for å evaluera seksårsreforma. Opposisjonen krev meir utetid og...

Kari Stai blir festivalforfattar på Falturiltu

Kari Stai blir festivalforfattar på Falturiltu

Forfattaren bak dei prisvinnande Jakob og Neikob-bøkene blir festivalforfattar på Falturiltu.

  • Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

    Nynorsk barnelitteraturpris til Maria Parr

  • Syng Blåmann og vinn fine premiar!

    Syng Blåmann og vinn fine premiar!

  • Maria Parr: «I dag vil eg slå eit slag for barnehagane»

    Maria Parr: «I dag vil eg slå eit slag for barnehagane»

  • Fleirtal for å evaluera seksårsreforma

    Fleirtal for å evaluera seksårsreforma

  • Kari Stai blir festivalforfattar på Falturiltu

    Kari Stai blir festivalforfattar på Falturiltu

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Unni og Gunni gjer det fint

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Unni og Gunni gjer det fint av Anna R. Folkestad

Me kjenner igjen Unni og Gunni frå bøkene Unni og Gunni reiser og Unni og Gunni malar. No kjem boka Unni og Gunni gjer det fint. Desse bøkene er også komne som bokappar. Anna R. Folkestad debuterte i 2011 med biletboka Henrik And.

Pingvinane Unni og Gunni er gode venner som prøver å finne gode løysingar på kvardagsproblem. Historiene og problemstillingane er enkle og lette å fylgje, også for dei minste barna. I boka Unni og Gunni gjer det fint skal vennene pusse opp igloen sin, men kva må til for at dei skal få det fint?

Dei finn både små ting, store ting, firkanta ting og runde ting. Og jo, dei får det ganske så fint, tykkjer dei sjølve. Som i dei andre bøkene er Folkestad oppteken av kontrastar og av å forklare ulike omgrep om storleik og tyngde.

Mange av dei unge lesarane har nok blitt godt kjende med Unni og Gunni og vil gle seg over at dei kjem i ei ny bok. Bøkene er dessutan lette å bere rundt på og bla i for dei minste. I tillegg inneheld teikningane få element, noko som gjer historia lett å fylgje.

Unni og Gunni gjer det fint av Anna R. Folkestad

Av: Anna R. Folkestad

Samlaget 2013

Utskrift

Bøllene

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Bøllene av Bo Gaustad

Dette er ei surrealistisk historie der alt kan skje. Me kjenner igjen figuren Birger frå boka Dessert. Birger er ein farleg figur, med kraftig underbitt og skarpe tenner. Men no har det kome framande inn i hundehuset.

Sju bøller har teke seg inn i huset og truar både freden og roen. Bo Gaustad er ein einar til å teikne det merkelege, skumle og uventa. Dei sju bøllene syng seg inn i hundehuset med strofer som: Vi er bøller, 7 i slengen. Slemme bøller hele gjengen. Alltid klare til å slåss. Hele verden frykter oss.

Historia inneheld mange små drypp som dette, som gjerne kan minne om regler og rim – og kamprop. Birger lèt seg derimot ikkje så lett skremme og gjer seg klar til kamp; han gjev ikkje hundehuset frå seg slik utan vidare. Kanskje litt gammalost-lukt kan hjelpe?

Bo Gaustad er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskule og har forfattarutdanning frå Norsk barnebokinstitutt. Ho har illustrert ei rekkje biletbøker. I 2008 debuterte ho også som forfattar.

Av: Bo Gaustad

Cappelen Damm 2013

 

 

 

Utskrift

Peri og Peti vender om

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Peri og Peri vender om utsnitt

Helga Gunerius Eriksen har skrive over tjue bøker for alle aldrar og i alle sjangrar. No kjem ho med ei fantasirik og fargerik biletbok for barn.

Me møter Peri og Peti, som vågar seg ut i den store verda for å oppleve, smake, føle og lukte på alt som er der ute. Peri og Peti går oppover bakkar, luktar på blomar, kjenner på vatn og hamnar ute på det store havet. Det er spanande å vere ute i den store verda, men når farane dukkar opp, er det viktig å kome seg raskt vekk.

Boka er nesten som eit stykke handarbeid. Ho har tydelege grafiske innslag av ulike materiale, knappar og syteknikkar. Gunerius Eriksen har i tillegg illustrert handlinga gjennom detaljrike teikningar. Borna følgjer visuelt med Peri og Peti når dei vandrar oppover og nedover, når dei høyrer, og når dei luktar.

Forlaget skildrar boka som ei enkel bok om store ting. Det er mykje sant i det. Det er tydeleg at Gunerius Eriksen trekkjer parallellar til peripeti, eit uttrykk som Aristoteles i bokverket Poetikken nyttar til å skildre det store vendepunktet i antikke dramaverk. Tittelen Peri og Peti vender om speler òg på eit slikt plutseleg omslag i handlinga.

Boka gjev ei var og vakker reise gjennom store spørsmål.

Peri og Peri vender om av Helga Gunerius Eriksen

Av: Helga Gunerius Eriksen

Samlaget 2013

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.