Verktøy for kritikarar og formidlarar av barnebøker

Verktøy for kritikarar og formidlarar av barnebøker

Foreningen !les har samla tekstar om litteraturkritikk, kritisk lesing og formidling i...

Vil styrkja språkopplæringa i barnehagane

Vil styrkja språkopplæringa i barnehagane

Dette seier den nye regjeringsplattforma om framtida for barnehagane.

Rim og regler i barnehage og barneskule

Rim og regler i barnehage og barneskule

– Titil, tåtil, tillarot, meggelfru, storegubben sjølv!

Å syngje seg til språk

Å syngje seg til språk

Born har eit medfødd behov for å uttrykkje seg, og dette er ein viktig del av det å vere...

Det er på tide å sjå på kva me syng

Det er på tide å sjå på kva me syng

Korleis kan vi utvikle repertoaret for å auke song- og musikkgleda, og samstundes arbeide med...

  • Verktøy for kritikarar og formidlarar av barnebøker

    Verktøy for kritikarar og formidlarar av barnebøker

  • Vil styrkja språkopplæringa i barnehagane

    Vil styrkja språkopplæringa i barnehagane

  • Rim og regler i barnehage og barneskule

    Rim og regler i barnehage og barneskule

  • Å syngje seg til språk

    Å syngje seg til språk

  • Det er på tide å sjå på kva me syng

    Det er på tide å sjå på kva me syng

Bestill Pirionkurs

Pirionkurs

Korleis kan vaksne bli medvitne brukarar og formidlarar av språk, kultur og identitet?

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Les meir og bestill Pirionkurs her!

Utskrift

Kakerlakken med den stygge frakken

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Framside Kakerlakken med den stygge frakken. Samlaget 2013Kakerlakken med den stygge frakken er redd for å blø, redd for å dø og redd for å leve.

Når hausten kjem og sola forsvinn, lurer kakerlakken på kor han skal finne glede igjen? Aller mest håpar han at nordlyset vil kome og ta han med seg, eller kanskje det kjem ein reddande engel?

Kakerlakken møter på ord som haustredsle og vinterdepresjon hjå legen, og set dermed ord på noko mange vil kjenne seg att i. Men korleis halde på gleda når det blir mørkt og vinteren et seg innpå? Og korleis kan ein halde på gleda når alle mobbar deg for ein stygg frakk?

Teksten er brukt som eit grafisk element i boka, noko som gjer lesinga meir spanande og full av overraskingar. Her buktar tekstlinjene seg i takt med nordlyset og stetoskopet til legen. Det gjev puls til lesaropplevinga.

Det meste kjem seg når kakerlakken møter ein nattsvermar som likar seg på utelampa. Når kakerlakken forstår at også nattsvermaren er redd for det meste, skjønar han at han ikkje skil seg ut, og det meste av mørkeret blir lyst igjen.

Av Martine Grande

Samlaget 2013

 

Utskrift

Hva ville dyrene hatt som jobb ?

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar.

Dette er ei fantastisk rik biletbok, med eit mangfald av figurar, fargar og opplevingar. Kva ville dyra arbeidd med dersom også dei skulle utdanne seg og finne seg arbeid?

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.