Her finn du dei gode julesongane på nynorsk

Skrive av Svein Olav Langåker.

Dei fleste barnehagane i Noreg syng Santa Lucia på bokmål. Den nynorske gjendiktinga til Ingvar Moe er mindre kjent. Foto: Per Palmkvist Knudsen/Cc-commons

Fleirtalet av barnehagane syng mest på bokmål. Her får du hjelp til finna dei gode julesongane på nynorsk. 

 

Tre av fire barnehagar i nynorskområde syng ein eller fleire songar på bokmål i løpet av ein vanleg dag. Knapt tre av fem barnehagar syng minst éin song på nynorsk kvar dag.

Det viser ei spørjeundersøking blant barnehagane i nynorskområde.

På spørsmål om kva som skal til for at barnehagane skal bruka meir nynorsk, svarar flesteparten av styrarane i barnehagane at bevisstgjering og tilgang til materiell er det viktigaste.

Her får du ei oversikt over kvar du kan finna dei gode julesongane på nynorsk:

NETTSTADER:

Santa Lucia er gjendikta til nynorsk av Ingvar Moe. Les teksten her eller sjå notar og komp på Tunkatten.no!

På Nynorsksenteret.no finn du ei oversikt over kvar du kan finna fleire nynorske songar!

På Aasentunet.no kan du finna mange nynorske julesongar!

SONGBØKER
Song for deg og meg

Songskattar, viser og populære songar på nynorsk og dialekt. Av Odd Nordstoga (red.), Samlaget 2014

Syng sjøl
114 nynorske barnesongar. Nokre av songane finst òg samla på ein CD. Av Geirmund Johnsen (red.), Selja Forlag 2004

Og sjølvsagt salmeboka.

– Viktig å syngja nynorsk
Hege Myklebust (bildet), høgskulelektor og stipendiat ved Høgskolen Stord/Haugesund, er samd i at det er trong for meir medvit om kva språk ein syng på.

– Det finst ganske mykje materiell, men det krev meir av personalet å finna det fram.

Ho oppmodar barnehagane til å laga planar for korleis ein kan få bruka meir nynorsk i barnehagane.

– Det er ikkje sikkert at dei som jobbar i barnehagane tenkjer over kor viktige dei språklege aktivitetane i barnehagane er for skriftspråkopplæringa som borna skal ha seinare, avsluttar høgskulelektoren.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.