Jakob og Neikob på Det Norske Teatret

Skrive av Svein Olav Langåker.

 Kari Stais fergesterke teikningar er også med i teaterframsyninga på Det Norske Teatret.

Kari Stai har laga ein ny klassikar for barn med sine bøker om Jakob og Neikob. No blir forteljingane om det umake venneparet til teaterframsyning for dei minste på Det Norske Teatret.

 

Går det verkeleg an å lage ei god forteljing der den eine karakteren berre seier ja, og den andre berre nei? Etter fire bøker gitt ut på Samlaget, seks prisar og ti språk synest svaret å gi seg sjølv: Kari Stais naive univers talar direkte til dei aller minste i eit språk dei forstår, derfor har bøkene allereie fått ein stor fanskare, og er blitt erklærte som komande klassikarar innan barnelitteraturen.

Les bokmeldinga vår av den siste Jakob og Neikob-boka her!

Leiken framsyning
Regissør Paul-Ottar Haga har dramatisert tre av bøkene for scenen, i ei framsyning som nyttar både papirdokker, barnetimeinspirerte songar og Stais eigne teikningar i formidlinga hennar fargesterke og naivistiske univers. På scenen står Svein Roger Karlsen som den alltid positive Jakob og Geir Kvarme som den meir skeptiske Neikob, mens Kaia Varjord er den lure tjuven.

Ja og nei
Jakob og Neikob bur saman i eit hus på ein bakketopp. Dei er gode venner sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt og Neikob seier NEI til alt. Jakob har så lyst at Neikob skal seie ja og bli med på noko kjekt. Derfor finn han på noko lurt: «Hei, Neikob. Du seier vel ikkje nei til ein biltur?» NEI, svarar Neikob, og slik startar eitt av eventyra deira.

Jakob og Neikob handlar om å kunne vere venner sjølv om ein er forskjellige. Og at ein av og til må utfordre seg sjølv: Jakob lærer at ein av og til må seie NEI, og Neikob lærer at ein av og til må seie JA - elles opplever ein aldri noko nytt!

Framsyninga har premiere 13. januar og passar for barn frå 3 år.

Her kan du sjå animasjonsfilm av boka Jakob og Neikob, produsert av studentar ved Høgskulen i Volda!

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.