– Me treng eit nytt barnehageopprør

Skrive av Svein Olav Langåker.

Margreth Olin står bak dokumentarfilmen «Barndom». Foto: Maria Olin Hustad/ Norsk Filmdistribusjon/Speranza 

Filmskaparen Margreth Olin med klar oppmoding til barnehagestudentar på Stord.

 

Denne våren skal Stortinget vedta ny rammeplan for barnehagane. I høyringsrunden er det fleire som etterlyser meir rom for leik i barnehagane.

– Ønsket mitt er at denne filmen løftar fram stemmene til barna, seier Margreth Olin.

Måndag var ho på Stord med filmen «Barndom». Gjennom den vakre og poetiske filmen får me følja 1-7-åringane i Aurora barnehage på Nesodden gjennom eitt år. I leik, på tur, i song og gode stunder.

Steinerbarnehagane har dispensasjon som gjer at borna kan byrja eitt år seinare på skulen.

Foto frå filmen.

– Skremmande
Helge Nuntun, andreårsstudent på barnehagelærarstudiet ved Høgskulen på Vestlandet, fortel at han sjølv har vore med på å observera at det ikkje har vore rom for leik. Borna får beskjed om å sitja stille og følgja med på læraren.

– Det er skremmande at leiken er vekke, seier han.

Medstudent Eva Marie Vevle Tufte understrekar borna lærer sosiale reglar, og lærer å høyra på andre gjennom leiken.

– Dei får òg ein utruleg god konsentrasjon gjennom leiken.

Studieleiar ved barnehagelærarutdanninga på Stord, Liv Åse Solstad Hagland, meiner filmen er viktig.

– Me er i ferd med å mista evna til å leika. Gjennom leiken lærer ein å gje seg hen, og leiken kan òg vera med på å redusera stress og omfanget av psykiske problem, sa ho etter filmen.

Ikkje meir læringsutbyte
I år er det 20 år sidan skulen byrja å starta eitt år tidlegare. Men det blei lova at det framleis skulle vera leik i skulen.

Margreth Olin er redd for at store klassar og få lærarar fører til mykje stillesitting, i staden for å vera ute i naturen og oppleva gjennom kroppen og sansane.

– Forskarane seier at 6-årsreforma ikkje har ført til meir læringsutbyte. Det har heller ikkje minska dei sosiale forskjellane i skulane. Ein ser òg at jentene dreg frå gutane, påpeikar ho.

LES OGSÅ: Aktive born mobbar mindre

Kongeåret
– Det sjette året er kongeåret i barndommen. I aldersblanda grupper så likar 6-åringane å hjelpa dei yngre. Dei ser seg sjølv utanfrå på ein heilt annan måte enn ein 4- og 5-åring klarer. Dei kjem med innspel til leiken. Det at 6-åringen har dette blikket, gjer at dei blir beundra av dei andre borna og at det flyt god sjølvkjensle inn i dei. Gjennom 6-årsreforma tok me frå borna kongeåret i barnehagen, slår Margreth Olin fast.

– Ønskjer du seinare skulestart?

– Eg trur ikkje me får tilbake skulestart for 7-åringar. Men eg ønskjer ein debatt om innhaldet i barnehagen – om læringstrykket og barnehagen som skuleførebuande arena, seier Olin til Framtida.no.

LES OGSÅ: 2000-talseleiken har blitt digitalt – det har sine konsekvensar

Må sikra leiken sin plass
Ho meiner ein må evaluera innhaldet i dei første åra på skulen og sikra leiken sin plass i barnehage og skule.

– I vår tid er me så opptatt av at stadig yngre barn skal tileigna seg ytre læring. Kan det vera ein årsak til at me diagnostiserer stadig fleire barn? I løpet av elleve år fikk me ei tidobling av ADHD-diagnosar. Og så er det slik at det er dobbelt stor sjanse for å få ein ADHD-diagnose viss du er fødd i desember, som i januar.

LES OGSÅ: Forskarar: – Frileik best for språkutviklinga til små born

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.