Vestlandssamarbeid vil vekkje leselyst

Skrive av Redaksjonen.

Om lag 60 lesegledarar vil formidle bøker og spreie leselyst rundt om kring i dei tre fylka.

Fylkesbiblioteka i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane saman med Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har samla krefter for å tilby ei spennande satsing på leseglede.

– Saman skal vi få endå fleire barn og unge til å elske bøker! seier Janne Karin Støylen. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet(HVL) og formidlar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret).

Sjølv har ho vore bokformidlar i mange år og brenn for at barn og ungdom skal få møte bøker som treff dei. No er ho nøgd med at ho får mange fleire kollegaer som vil ut og møte unge lesarar eller vaksne som er mellom boka og barnet.

Kurs i kva som fengjer

Om lag 60 lesegledarar vil formidle bøker og spreie leselyst rundt om kring i dei tre fylka. I desse dagar vert dei kursa i formidlingsteknikk, bokutval, og kva som fengjer barn og unge. Lesegledarane kan kome til barnehagen eller klasserommet, til foreldremøte eller lærarmøte – eller til andre typar samlingar der litteratur for barn og unge er tema.

Alle lesegledarane vil få ein profil på fylkesbiblioteka sine sider, der ein kan sjå kven dei vil lese for. Der ser ein også kva område dei vil reise til. Nokre reiser gjerne i heile fylket, medan andre føretrekkjer å vere i nærområdet sitt.

Populær ordning

Det var Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking (Lesesenteret) i Stavanger som fann på konseptet, som der heiter Lesegledere. Lesegledar-satsinga vart så spreidd til Sogn og Fjordane med ein nynorsk vri, og i år har Hordaland og Rogaland kopla seg på. Nynorsksenteret går inn med tilskot til ordninga i dei tre fylka, som gjer at fylkesbiblioteka har moglegheit til å dekkje honoraret for lesegledaroppdraga, så bestillar betalar berre reise og eventuelt kostgodtgjersle.

– Ordninga har vorte populær, og vi i Rogaland er glade for at vi no får i gang ei nynorsk lesegledar-satsing også hos oss, fortel Ine Bertelsen ved Rogland fylkesbibliotek i ei pressemelding. 

– Også er vi glade for at vi er fleire som kan samarbeide om ei satsing på lesing, vi kan dele ressursar og det gjev nyttig kompetanseutveksling, i tillegg får vi eit større lesegledar-nettverk der vi kan gi og få nyttige erfaringar og inspirere kvarandre til å spreie leselyst til liten og stor og i bøtter og spann!

LES OGSÅ: Satsar på lesegledarar

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.