Samlar inn rim og regler til bruk i barnehage og skule

Skrive av Svein Olav Langåker.

Illustrasjonsfoto: Andrea Rygg Nøttveit

Nynorsksenteret trekkjer ut premiar til dei som sender inn rim og regler til bruk i barnehage og skule.

 

Nokre barnehagar brukar små vers, rim eller regler knytt til spesielle situasjonar, som påkledning, stell, uteleik, ved matbordet, i skogen og andre stader. Nokre regler er på ei linje, medan andre har mange vers. Felles er at barna synest det er kjekt å lære dei og å kunne dei utanåt.

– Vi håpar at mange sender inn eitt eller fleire bidrag til oss slik at fleire kan få inspirasjon til å bruke nye eller gløymde rim og regler. Vi håpar å få bidrag frå heile landet. Inga regle er for lita, og inga er for stor, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein, rådgjevar ved Nynorsksenteret.

Både i gjeldande rammeplan og i den nye som gjeld frå 1. august 2017 vert rim og rytme knytt til språkstimulering. I den nye Rammeplan for barnehagen står det mellom anna at personalet skal «oppmuntre barna til å fabulere og leke med språk, lyd, rim og rytme».

– Rim og regler er fine både for det sosiale aspektet og for å leike seg med språket, skriv Anne Marta Vinsrygg Vadstein til Pirion, og deler denne regla med oss:

Ormen lange
kraup som ein slange
under eit gjerde.
Tok seg ei pære.
Delte ho i to.
Ver så god!"

Send inn bidrag inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 15. mai 2017!

– Vi trekkjer ein vinnar blant dei innsende bidraga, som får ein bokpakke på tre nynorske barnebøker. To andrepremiar får ei bok kvar.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.