Maria Parr og Ingunn Thon tevlar om barnebokpris

Skrive av Svein Olav Langåker.

Maria Parr (venstre) og Ingunn Thon er blant dei fem nominerte til Arks barnebokpris 2017. Foto: Agnete Brun / Samlaget, Andrea Rygg Nøttveit

Ti tusen femte- til sjuandeklassingar skal kåra vinnaren blant dei fem nominerte til ARKs barnebokpris.
 

– Kvaliteten på dei påmelde titlane var høg, og det var utfordrande å stemma fram dei fem nominerte. Vi har i år fått ei liste som inneheld ein god kombinasjon av humor, alvor, realisme og fantasy, seier Maria Granli-Brekke, kategorisjef for barne- og ungdomsbøker i ARK til nettavisa bok365.no.

Dei nominerte er:

  • Ingunn Thon, Ollis
  • Maria Parr, Keeperen og havet
  • Eldrid Johansen, Faraos forbanning
  • Gudrun Skretting, Anton og andre flokkdyr
  • Siri Pettersen, Bobla

Prisen blir delt ut i desember. I tillegg til heider og ære får vinnaren 25.000 kroner og eit litografi.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.