«Det er på tide å synga ut for songen i skulen»

Skrive av Svein Olav Langåker.

Borna i Askeladden barnehage syng seg stolte over å vera del av det landet me bur i, takka vera engasjerte og dyktige tilsette som ser verdien i songskatten vår, skriv Svein Olav B. Langåker.
Songen har vore del av skulen i over 200 år. No fjernar regjeringa songen frå «grunnlova» til skulen.
 

Fredag 1. september innførte regjeringa den nye overordna delen for læreplanane. I det som kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kallar den nye grunnlova til skulen, er songen stroke vekk trass fleire klare åtvaringar.

I eit usedvanleg skarpt høyringssvar åtvara forskarane og lærarane ved Høgskulen på Vestlandet mot slutten på ein stor og stolt songtradisjon.

«Skulle så skje, utan at det politiske miljøet grip inn, vil det ikkje berre vera til skade for barn og unge i dagens skule. Det vil også svekka samkjensle og fellesskap i dette landet», skreiv dei i høyringsbrevet.

Berre halvparten syng kvar dag

Rett før nasjonaldagen vår, kunne Framtida.no melda at berre kring halvparten av norske born syng kvar dag i barneskulen, og berre 60 prosent av elevane kunne første verset av «Ja, vi elsker». Langt færre kunne andre verset eller andre av dei nasjonale fellessongane våre.

Saka blei referert i nesten alle landets aviser, og det blei debatt på mange radiokanalar. Folk blei rett og slett forundra over korleis det står til med songkunnskapane i skulen.

Og no vel altså regjeringa å fjerna ordet song heilt frå den overordna delen av læreplanane.

Eg trur ikkje kunnskapsministeren eigentleg vil fjerna songen frå skulen, og eg trur nok heile regjeringa har lyst til å høyra «Ja, vi elsker» og mange av dei andre kjære fellessongane våre på 17. mai. Men å fjerna songen frå sjølve grunnlova til skulen, kan ikkje sjåast på som noko anna enn eit signal om at songen ikkje er så viktig.

Blir opp til læraren

Når kunnskapsministeren fjernar song frå grunnlova til skulen, blir det i endå større grad opp til læraren om dei vil bruka tid på song. Det blir endå meir tilfeldig enn det er i dag kor ofte borna syng, og kva dei syng.

Det er heldigvis gode grunnar til å halda fram med song i skulen, sjølv om ein skulle ha eit reint instrumentelt syn på opplæringa. Forsking viser at songen kan gi betre læringsutbytte og betra det sosiale fellesskapet.

Men songen har òg ein eigenverdi, som estetisk og kulturelt uttrykk.

Nedvurdering

Kulturministeren kan snakka seg grøn på norske verdiar og brunost. Men når regjeringa vel vekk songen frå sjølve grunnlova til skulen, så kan ikkje det sjåast på som noko anna enn ei nedvurdering av den norskaste av den norske fellesskapskulturen – songen.

Dersom me ein gong i framtida igjen treng å få synga saman som folk, slik som i rosetoget i Oslo etter 22. juli – kva vil borna kunna av fellessongar då?

Songane som samlar eit land

Kvar er integreringsministeren når ein norsk verdi og eit viktig integreringstiltak verkeleg er trua?

– Det er songen som held oss saman som nasjon i krisetider. Både under og etter krigen og etter 22. juli, er det songen som har samla oss. Songen gjev oss glede, fellesskap, vemod og minner, seier musikkprofessor Jan-Roar Bjørkvold. I boka Grunntonen skriv han:

«Lengst inne og djupast nede i oss ligg ein fyrste song, grunntonen i oss. Halden i hevd gjennom generasjonar, blir denne grunntonen til ein musisk renning i nasjonsveven. Blir den styrkt, blir me styrkt».

«Vi ere en nasjon vi med»

Viss regjeringa verkeleg er opptatt av integrering, norsk kultur og norske verdiar, så burde dei tatt turen til Askeladden barnehage i Sagene bydel i Oslo 16. mai. Då går barn med regnbogefarga, religiøs og etnisk bakgrunn i nasjonaltog, dei har lært alt om Henrik Wergeland, og ropar jublande ut: «Paragraf 2 er borte! Henrik har gjort det!». Dei syng «Nordmannen», «Ja, vi elsker» og «Vi ere en nasjon vi med». Dei syng seg stolte over å vera del av det landet me bur i, takka vera engasjerte og dyktige tilsette som ser verdien i songskatten vår.

I over 200 år har den norske fellesskulen byrja dagen med song. No er det berre kring halvparten av elevane i barneskulen som syng kvar dag. Frå ungdomsskulen er song meir og meir sjeldan. Slik kan det også bli i barneskulen når regjeringa fjernar songen frå den overordna delen av læreplanane.

Det er på tide å synga ut for songen i skulen!

SJÅ VIDEO: Denne klassen syng kvar dag

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.