Her er dei mest populære barnesongane i barnehagen

Skrive av Svein Olav Langåker.

Ny forsking frå Høgskolen i Oslo og Akershus viser lite variasjon i songane som vert sunge i barnehagen. Foto: Colourbox

Ny forsking: For lite variasjon i songane som blir sunge i barnehagen.

 

Høgskulelektor Liv Anna Hagen og førstelektor Siri Haukenes ved Barnehagelærarutdanninga på Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) har kartlagt kva for songar som vert sunge for borna i barnehagen.

I forskingsprosjektet sitt samla dei inn songar i over 250 barnehagar i Oslo og Akershus. Dei fann at eit lite knippe gamle songar går igjen når dei vaksne skal synga for borna.

– Sjølv om barn har enorm kapasitet til å læra og er opne og nysgjerrige, er det 20 klassiske barnesongar som går igjen. Flesteparten av songane er frå før 1960, og det er bemerkelsesverdig få songar etter 1990. Det er òg liten variasjon i sjanger og musikalsk uttrykk, seier Haukenes.

Det er songar som Bæ, bæ lille lam, Lille Petter edderkopp og Bjørnen sover som blir brukt mest.

– Dei songane som dei vaksne syng for borna er i liten grad påverka av samfunnet elles, seier Hagen.

Då Pirion undersøkte kva språk som blei brukt mest i barnehagane i nynorskområde, så kom det fram at nynorske barnehagar både song og las oftare på bokmål enn på nynorsk.

LES OGSÅ: – Det er på tide å synga ut for songen i skulen

Her er dei mest populære barnesongane i barnehagane i Oslo og Akershus:

  1. Bæ, bæ lille lam* (A. Tegnér)
  2. Lille Petter edderkopp* (ukjent)
  3. Hurra for deg* (M. Munthe/folketone)
  4. Bjørnen sover* (ukjent/melodi: Gubben Noak)
  5. Mikkel rev* (ukjent)
  6. God morgen alle sammen (*) (ukjent/folketone)
  7. Hode skulder kne og tå* (engelsk/folketone)
  8. Hjulene på bussen (ukjent)
  9. Med krøllet hale* (ukjent/melodi: Ute etter øl)
  10. Olle bolle (ukjent)
  11. Lille kattepus (ukjent)
  12. Kua mi jeg takker deg* (P.A. Jensen/Tordenskjoldsangen)
  13. Gutter og jenter (*) (ukjent/melodi: Nisser og dverge)
  14. På låven sitter nissen* (M. Munthe/folketone)
  15. Alle barna klapper (ukjent)
  16.  Ro, ro, ro din båt* (E. O. Lyte/amerikansk 1800-tall)
  17. Nede på stasjonen* (engelsk/ukjent)
  18. Tommelfinger, tommelfinger* (ukjent)
  19. Santa Lucia* (italiensk/folketone)
  20. Alle killebukkene (ukjent)

* Songer frå før 1960. (*) Songar med melodi eldre enn 1960 og tekst frå perioden 1960-90. Ingen songar er frå tida etter 1990. I parentes er oppgitt tekstforfattar og melodi (Tekst/Musikk).

Treng du idear til andre songar? Her har me samla nokre tips til songar å starta dagen med!

LES OGSÅ: Berre 6 av 10 barneskuleelevar kan «Ja, vi elsker»

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.