Skal utvikla app som skal ta vare på songskatten vår

Skrive av Svein Olav Langåker.

Musikkseksjonen ved barnehagelærerutdanningen på Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) skal utvikle sangappen Trall til bruk i barnehager og skoler. Bak fra venstre: Ingrid Anette Danbolt, Siri Haukenes, Nina Engesnes og Liv Anna Hagen. Foran: Elisabeth Anvik. FOTO: Karin Elise Fajersson, HiOA

Høgskulen i Oslo og Akershus får 6 millionar kroner til å utvikla ein songapp som skal støtta og fornya songkulturen i barnehagar og skolar.

 

Appen Trall skal få fleire barnehagar, skular, lærarutdanningar og folk flest til å syngja endå fleire songar.

– TRALL skal vera eit innovativt, skapande, leike og dynamisk verktøy som tilbyr musikalsk breidd og mangfald av høg kunstnarisk kvalitet. Songane skal spelast inn med nye, gode arrangement og med variasjon i besetning og sjanger, seier høgskulelektor Liv Anna Hagen.

Musikkseksjonen ved barnehagelærarutdanninga skal utvikla appen i samarbeid med Fakultet for teknologi, kunst og design. Dei har fått 6 millionar kroner til dette frå Sparebankstiftelsen DNB.

Viser fram songskatten

Håpet er å samla kring 250 songar i ein dynamisk kanon med både nye og gamle songar.

Tidlegare i år kunne Pirion og Framtida.no fortelja at berre 6 av 10 barneskuleelevar kan «Ja, vi elsker», og endå færre kan syngja andre nasjonale songar som «Nordmannen».

– Vil de òg løfta fram nokre av dei eldre nasjonale songane?

– Absolutt. Den gamle songskatten vil me òg ha med, seier Liv Anna Hagen, og viser til at fleire av desse songane er på veg ut, og blir berre sunge i nokre få barnehagar og skular.

– Kva med songar på nynorsk og dialekt?

– Me vil ha det også med. Her på utdanninga vår, er me veldig medvitne på dette, og nynorsk og dialektar kjem veldig godt fram.

Vil endra praksis

Prosjektet skal byggja på forsking og følgjast av forsking. Studentar på bachelor og masternivå vil knytast til delprosjekt.

– Det overordna målet er at prosjektet skal føra til ny musikalsk praksis i barnehage, skule og lærarutdanning. Me vil ta vare på, støtta og fornya songkulturen, seier høgskulelektor Elisabeth Anvik, som òg er med i prosjektet. 

Forskarane vil involvera både det proffe og frivillige musikklivet, frå KORK til frivillige kor og musikarar.

LES OGSÅ: Her er dei mest populære songane i barnehagen

Ei trygg plattform

Ein anna utfordring i dag er at mange av songane blir søkt opp på Youtube og strøymetenester.

– Når songbøkene forsvinn ut av barnehagane og skulane, mistar ein den redaksjonelle kvalitetssikringa. I både barnehage og skule brukar ein iPad i aukande grad. Er borna på Youtube og strøymetenester, kan dei klikka seg raskt vidare til upassande innhald. Appen TRALL skal bli ein kvalitetssikra og trygg plattform for barn å vera på, seier høgskulelektor Ingrid Danbolt.

Anvik og Hagen understrekar at det er særs viktig at barnehagestudentane blir trygge på å leia songen i barnehagen.

Håpet er at appen skal vera ferdig innan tre år, men dei ventar at ein pilot skal vera ferdig i god tid før det.

Håpar på løft for songen

Dei er òg oppteken av at song er fjerna frå den overordna lærarplanen for skulen i år. Og i Rammeplan for barnehagen frå 2017 er songar eller det å synga heller ikkje nemnt under fagområdet Kunst, kultur og kreativitet. Det var det i tidlegare rammeplanar.

– Song og musikk i barnehagen og skulen får stadig mindre plass i dei overordna planverka, og vi håpar at TRALL kan bidra til å styrkja bruken av song, seier Anvik.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.