Vil nettbrett ta over for bøker?

Skrive av Christian Wiik Gjerde.

Guro Kvalnes og Edmund Austigard frå Samlaget viser Lesemeister. Lesemeister er ein plattform der elevar kan få tilgang til hundretals av e-bøker frå dei norske forlaga. Her kan barna mellom anna få lesepoeng, lese med og utan lyd og ta opp og høyre si eiga stemme. (Foto Davis Allan Aasen/samlaget).

Nettavisene har fleire lesarar enn papiravisene. Men enno er det mange fleire som les papirbøker enn e-bøker. Kva er framtida til bøkene?

 

 

I 150 år har Samlaget gitt ut mange barne- og ungdomsbøker som har vorte lesen av mange rundt om i Noreg. Dette skal forlaget fortsetje med. Men når barn og unge bruker stadig meir tid på skjerm, må dei også tenke nytt.

Vi tenker som forlag å vere med på utviklinga, seier administrerande direktør i Samlaget, Edmund Austigard.

Pusterom i boka

No i dag er barna svært opptekne med skule og fritidsaktivitetar. Edmund trur at for mange barn er det å gå inn i ei bok og halde konsentrasjonen ei form for luksustid.

Barn er veldig aktive, og eg trur at bøker kan vere eit pusterom i kvardagen. Det er noko fint med å kunne vere åleine i historia som ein får i ei bok. Og dersom ein les digitalt på Lesemeister er det fint å få lesetips og sende lesetips til andre.

Vil gjere det sosialt å lesa bøker på skjerm

Lesemeister som Samlaget har lansert, er ein nettstad alle barn kan gå inn på og lese bøker og gjere oppgåver knytta til bøkene.

Guro Kvalnes fortel at statistikken viser at papirbøker held framleis stand, men at ein må vere synlege på dei ulike plattformane der barna er.

Lesemeister er ein slik plass. Der ein kan vere aktiv gjennom lesing. Ein kan sjølv lese inn og lage lydbok, ein kan bli lesen for, ein kan svare på spørsmål som gjer at ein får gjere meir enn berre å lese, seier Guro.

FAKTA:

 

Samlaget

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk og norske målføre. Samlaget blei stifta i 1868 og har i 150 år fremja nynorsk språk og litteratur. Samlaget ønskjer å nå ulike lesegrupper med gode bøker på nynorsk. Barn og ungdom er ei viktig målgruppe for forlaget.

Lesemeister

Lesemeister er ein plattform der elevar kan få tilgang til hundretals av e-bøker frå dei norske forlaga. Her kan barna mellom anna få lesepoeng, lese med og utan lyd og ta opp og høyre si eiga stemme.

 

Lesemeister er ei storsatsing der barn kan lese over 100 nynorske digitale barnebøker.

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.