|
– Det er svært varierande korleis barnehagen nyttar seg av sine digitale verktøy, seier rådgjevar i Medietilsynet, Barbro Hardersen. Medan bruken for nokre er tilfeldig eller prega av bekymring, har andre ein reflektert bruk, og digitale verktøy er godt integrert i det pedagogiske arbeidet.
Med bakgrunn i eit pilotprosjekt med formål å teikne opp eit bilete av kva mediekompetanse barn har, er Medietilsynet for tida i gang med eit oppfølgingsprosjekt, der målet er å finna ut korleis barnehagen, på eigne premissar, kan ta i bruk digitale verktøy.
|
|
Les meir …
|
|
|
Torpo barnehage i Ål kommune har god erfaring med å nytta digitale verktøy på utradisjonelle område i barnehagen.
– Digitale verktøy gjev borna sterkare medverknad i barnehagen, seier styrar Gunn Marit Oleivsgard. Frå ho starta som styrar i 1995, har ho auka medråderetten til borna i barnehagen. Etter kvart har rammeplanane òg lagt opp til dette. Dette har igjen gjeve utfordringar når det gjeld krav om dokumentasjon.
Det som byrja med eit sterkare behov for å dokumentera for foreldra kva borna hadde gjort i løpet av ein barnehagedag, har etter kvart utvikla seg til å bli ein digital kvardag for borna og personalet i Torpo barnehage.
|
|
Les meir …
|
|
– Kvar er trollet? Spenninga stig,
og barna peikar. I Øyrane barnehage blir dei yngste barna inviterte med
i dialog rundt lesinga. Dette gjer ungane kompetente, meiner forskar
Ingeborg Mjør.
|
|
Les meir …
|
|
På nettstaden www.historier.no kan du finne forteljingar frå heile landet.
Føremålet for netsttaden er å bli den største samlinga av lokalhistorier i landet, fortel initiativtakar Knut Egil Kvarving til Norgeslasset på NRK.
|
|
Les meir …
|
|
- Dei beste lesaropplevingane mine var som barn, og derfor er det så
viktig å ta barnelitteraturen på alvor. Det er kjekt å kunne vere med på
å gjere barnelitteraturen meir synleg. Barnelitteratur må ikkje sjåast
på som noko annanrangs, slår Parr fast på Magasinett.no. Les heile intervjuet her.
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |