Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Utvida søknadsfrist for språkstimuleringsmidlar

Janne Karin Støylen foto: Astrid E. HjelmelandLitteraturformidlar ved Nynorsksenteret, Janne Karin Støylen, inviterer barnehagar til å søkja om Forsking- og utviklingsmidlar til forskings-, forsøks- og utviklingsarbeid som kan styrkje nynorskopplæringa. – Har de tankar om eit kjekt prosjekt, må de søkja om midlar, oppmodar Støylen.

Lærarar, førskulelærarar, universitets- og høgskuletilsette og studentar som vil setje i gang FoU-arbeid, kan søkje om midlar hjå Nynorsksenteret. Nynorsksenteret kan tilby rettleiing på arbeid som vert sett i gang. Midlane kan variere i storleik alt etter omfanget på prosjekta. Fristen for å søkja er i år 15.april. Les meir om kva Støylen seier om barn og lesing på nashornet.

 
Born treng bøker for å leva

alt– Born treng bøker for å læra å lesa, for å kunne forklara seg og for å skjøna omverda, seier forfattar Erna Osland.
– Du kan ikkje gje barn noko betre enn språk. Mat er viktig, men ord er nødvendige, understrekar barne- og ungdomsforfattaren.
Osland likar å skriva for barn fordi ho meiner at språk er så viktig når ein skal bli kjend med andre og ikkje minst seg sjølv. – Før var eg norsklærar av den grunn. No får eg vere med og skrive bøker og ikkje minst bidrag i lesebøker – som er verdas viktigaste bøker, understrekar ho.
Det primære med Osland si skriving har aldri vore å underhalda. Forteljinga er med på å setja lesaren inn i korleis andre tenkjer, understrekar ho. Forfattaren gjev ikkje slepp på barnet i seg. Mykje av den nynorske barnelitteraturen har noko å by den vaksne på same tid som den er for barn og ungdom, fortel ho. Den gode barnelitteraturen tek med seg heilskapen, den er om og for både barn og vaksne. 

Les meir …
 
Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen

Språkhefte_bhgEit nytt hefte om språkmiljø og språkstimulering blir i desse dagar sendt ut til alle norske førskulelærarar.
Heftet er utarbeida på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet av førstelektor Anne Høigård, universitetslektor Ingeborg Mjør ved Institutt for førskulelærarutdanning og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret, alle fagfolk ved UiS. 

Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er trekt fram som eitt av fire prioriterte område strategien til departementet for kompetanseutvikling i barnehagen for perioden 2007-2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med innføring av rammeplanen er det utarbeidt fleire temahefte. Heftet om språk er meint som inspirasjon og grunnlag for refleksjon i arbeidet med å leggje til rette for god språkstimulering i alle norske barnehagar. Les meir på UiS
Her finn du temaheftet som pdf

 
Les for meg!

Torbjørn Isbjørn Oisann! Finn! Eventyrboka 

Pirion har meldt eit knippe av dei nye barnebøkene denne hausten.

les melding av desse og fleire nye bøker her

 
Ekte juleglede

Jon og den lange julenattaJon og den lange julenatta er ei ekte og magisk juleforteljing. Hesten til Jon, Tyra, skal ha føl. Og det på sjølvaste julaftan. Jon tek med seg soveposen og flyttar ned i stallen på kvelden for å passe på hesten sin. Og det er då det magiske skjer. Eit ekte under.

Les heile bokmeldinga her

 

 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.