|
Maria Parr har motteke Brageprisen for barneboka Tonje Glimmerdal.
Boka som kom ut på Samlaget i haust har ifølgje juryen mange referansar til klassiske barneforteljingar og desse vert av Parr nytta på ein original, forfriskande og nyskapande måte.
Juryen seier vidare i grunngjevinga: "Under det befriende mottoet ”fart og sjølvtillit” setter Tonje Glimmerdalen fortellingen med samme navn i bevegelse. Vennskap og familierelasjoner, av alle slag, står som et sentralt og gjennomgripende tema. Et rikholdig, komplekst, fargesterkt og troverdig persongalleri fyller boka. Her er det en personlig fortellerstemme med overskudd og stor fortellerglede.
Boka er illustrert av Åshild Irgens. Les Pirion si melding av boka her. For å bla i boka kan du trykkja på omslaget til venstre.
|
|
|
I Bekketunet barnehage skapar dei magiske stunder med form og farge.
– Kan det regne sol, går det an?, undrar atelierist Ellen Andersen i Bekketunet barnehage. Bordet er dekka med papirduk med glitter og måling i alle fargar. Ellen tek den gule flaska fram og snur den på hovudet. Barna rundt bordet ler frydefullt når fargen landar på bordet. Jo, jammen kan det regne sol. Små hender blandar, klattar og lagar vegar i den blå-gule-lilla-grøne fargen. Nokon har til og med laga sitt eige hus og har eigen bil. Det handlar ikkje alltid om det du skapar, men like gjerne om korleis du gjer det.
|
|
Les meir …
|
|
Med eigen barnehagebuss kjem borna i Tonning barnehage i Stryn seg lett ut av sentrumskjernen og til skogsområda.
Styrar Eva Sefland er veldig nøgd med den nye bussen, som var klar for bruk i april i år. I bussen er det eige kjøken, tørkeskap, garderobe og gode sikra sete å sitja i. I tillegg har bussen plass til alt dei treng, anten det er redningsvestar eller regnklede. – Verda ligg føre oss, seier ho. – Nå er det berre fantasien som set grenser for kva me kan finna på. Sefland understrekar likevel at barnehageavdelinga prøver å unngå lengre reisetid enn førti minutt.
|
|
Les meir …
|
|
Hilde Myklebust skreiv ei juleforteljing for Pirion i fjor. No har ho
utvida historia og laga bok.
Boka Jon og den lange julenatta handlar om Jon og hesten hans Tyra. Tyra ventar føl på sjølvaste julafta.
Inger Lise Belsvik har illustrert boka, som kjem ut på Samlaget i november.
Les meir om boka på Samlaget.no
Les forteljinga til Hilde Myklebust som sto i Pirion sitt julenummer i fjor.
|
|
- Born har for lite kunnskap om samspelet i naturen, meiner Norges Birøkterlag. Derfor inviterer dei gjerne nokre hundre bier til barnehagen din.
|
|
Les meir …
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |