|

Det finst ingen reglar. Det finst ingen bøker som er betre enn andre. Foreininga !les vil berre ha oss til å lese høgt for borna.
|
|
Les meir …
|
|
|
- Nynorsken bør nærme seg endå meir dialektane, meiner professor Helge Sandøy.
Men språkmeldinga legg opp til færre sideformer.
|
|
Les meir …
|
|
Kven har sagt at det må moderne leiker til for å underhalde dei små? Ved Sverresborg Museum i Trøndelag inkluderer ein like gjerne ungane i alt frå svelebakst til skigard-bygging.
Friluftsopplevingar
På Byåsen i Trondheim ligg ein stor, moderne bygning i tre og glas. Innanfor dørene fins eit luftig lokale som kombinerer resepsjon, butikk og kafe. Bak butikken finn me Kreativt Verksted, eit rom der spedbarn og foreldre møtast til allsang to dagar i veka. På motsatt side finn me eit auditorium og inngangen til Sverresborg Museum si faste utstilling. Men for å oppleve det mest spennande, må me ut i friluft.
|
|
Les meir …
|
|
Kan barn filosofere? Ei gruppe 5-6-åringar i Trollberget Barnehage viste seg å vere svært så modne både for filosofihistoria, og for diverse filosofiske øvingar.
Grethe Bekkevold er førskulelærar og kunstpedagog, og jobba inntil
nyleg som pedagogisk leiar i Trollberget barnehage i Stavanger. Våren
2006 sette ho i gang eit filosofiprosjekt på ei avdeling for
5-6-åringar.
|
|
Les meir …
|
|
Eit observasjonsmateriell skal auke kunnskapen om barnets tidlege mattematiske utvikling.
- Me hadde lyst til å sjå på kva ein kan gjere tidleg for at færre skal oppleve matematikk som vanskeleg seinare, seier prosjektleiar Hilde Skaar Davidsen ved Sørlandet kompetansesenter.
Observasjonsmateriellet er delt inn i tre deler som skal observere
barnets evne til: å bruke det mattematiske språket i resonnering, sjå
geometriske løysingar og å telje.
Davidsen legg vekt på at det unike med prosjektet ligg i at det er barnets eigen aktivitet og leik som vert observert.
|
|
Les meir …
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |