Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg! Eventyrboka
Eventyrboka
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

EventyrbokaMange hugsar nok Godnattboka som Skald gav ut i 2007. No kjem oppfylgjaren, Eventyrboka. Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, medan andre har skrive nye. Eventyra passar både for høgtlesing og eigenlesing. Dei yngste lesarane vil nok ha mest glede av dei første eventyra, utover i boka vert dei nemleg litt meir avanserte og passar betre for dei eldre barna.

Her kan ein lese om korleis ein jaktar gnu, om stemma som vart borte, om dronninga i berget blå, og om Kladden som ingen kunne målbinde. Blant dei som har bidrege med eventyr, er kjente forfattarar som Erna Osland, Einar Økland, Helga Gunerius Eriksen og Ingelin Røssland.

Illustratør Gunvor Rasmussen har ein heilt eigen strek og eit unikt uttrykk som gir desse bøkene særpreg. Dei enkle strekteikningane gir også boka eit eige eventyrpreg og bygger dermed godt opp under handlinga.

Her er mange tradisjonelle eventyrtrekk pakka inn i ein moderne klesdrakt. Mange av eventyra startar framleis med Det var ein gong … Her er klåre skilje mellom det gode og det vonde, framleis møter hovudpersonane mange utfordringar før målet er nådd, og tekstane ber preg av den frie fantasien som eventyret skaper rom for.

Barna vil truleg gle seg over dei velkjente rammene rundt eventyret, samstundes som dei vil oppleve dei oppdaterte og nye eventyra som spanande. Mange av eventyra har også framleis med seg dei gode gamle historiene som barna kjenner så godt. Men no må dei kanskje leite litt før dei kjenner alle personane att.

Alt ligg til rette for at Eventyrboka vil få den same suksessen som Godnattboka fekk.

Skald 2009



 

 
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.