Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg! Den aller beste tingen
Den aller beste tingen
Skrive av Øystein Skjæveland   

Finn!Det er ikkje så mange barnebøker der me får fylgja hovudpersonen frå vilter fireåring til sengeliggjande eldre mann. Men det får me i boka ”FINN!”, som handlar om – nettopp – Finn og etterkomarane hans.
Finn er også ordspelet boka byggjer på – Finn si oppgåve er å finna. Og det han skal finna, er ikkje noko mindre enn Den Aller Beste Tingen. Til hjelp har han toget sitt, som fylgjer med gjennom heile boka. Dette toget kan gå både i luft og på sjø, og Finn finn mykje fint med toget. Men finn han det aller beste?

Då boka byrjar, er Finn fire år og køyrer tog på leitinga si. Så er han åtte og leitar etter Den Aller Beste Tingen i bøkene. Som attenåring har han flytta for seg sjølv, og det er det mykje bra med, men ...? (Femåringen her i huset festa seg mest ved at Finn på dette stadiet et så mykje snop han vil, utan å spørja foreldra om lov.)
Så vert Finn sjølv far, men det skjer seg mellom han og sonen Vesle-Finn. Ikkje likar han tog, og ikkje likar han å reisa. For å skjøna seg på sonen prøver Finn å koma seg inn i hovudet på han – heilt bokstavleg – men må gje det opp. Neste gong møter me Finn som gamal og sjuk 60-åring, og då dukkar berginga opp i form av barnebarnet Bittevesle-Finn. Dei to tek ut på tur med det gode, gamle toget – og sjå om ikkje alle brikkene då fell på plass.
 
Boka er såpass surrealistisk og underleg at ingen ting av handlinga vert opplagt eller keisamt. Dei yngste lesarane kan mora seg over overdrivingar og merkelege påfunn, sjølv om det kan henda kan vera vanskelegare for dei å sjå tråden i ei tradisjonell historie. Den vaksne lesaren vil sjå mange tema i boka: tilhøvet mellom fantasi og realisme, tilhøvet mellom far og son, om å leita etter meining. Så ein kan nytta boka til å koma inn på slike emne, om ein skulle ynskja det.
 
Boka er ei biletbok i den forstand at bileta fyller langt meir av sidene enn teksten. Dei flotte illustrasjonane er eit kapittel for seg og er laga i ein teknikk som denne meldaren ikkje kjenner til. Dei gjev boka eit særpreg, og mykje av praten med dei yngste vil handla om teikningane.
 
Denne boka trur eg vil gjera lukke til høgtlesing for ungar frå 3-4 år og oppover. Dei små vil også ha glede av å sjå på teikningane på eiga hand.
 
”Finn!” er laga av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby og kom på Samlaget no i 2009. Boka er på 40 sider.
 
Gyrid Axel Øvsteng og Per Ragnar Møkleby
Samlaget 2009

 
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.