Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg! Torbjørn Isbjørn
Torbjørn Isbjørn
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

Torbjørn IsbjørnLangt mot nord bur Torbjørn og alle dei andre isbjørnane. Men Torbjørn er ikkje heilt som dei andre isbjørnane, han frys nemleg. Dermed startar ei lang ferd for å finne ut om Torbjørn eigentleg er den isbjørnen han trudde han var. Her er mange spørsmål og mykje undring.

Dette er ei lun, varm og humoristisk historie om det å vere litt annleis. Dei fleste vil kjenne seg att når Torbjørn føler at han ikkje passar heilt inn. Dei fleste har også somme tider vore usikre på kven dei eigentleg er.

– Bestemor, du som veit alt, er eg ein ekte, skikkeleg isbjørn? Torbjørn er usikker på det meste, men råd er det å finne hjå dei som er rundt han.

Illustrasjonane til Anne Angelshaug er levande og ber historia framover. I denne boka er det dei store og fargerike teikningane som står i sentrum, dei gir djupn til forteljinga og gir også dei minste lesarane ei større lesaroppleving. Boka skaper ein god atmosfære som mange vil like.

Bla i boka.

Av: Titus Kodzoman og Anne Angelshaug
Skald 2009


 
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.