Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg! Revehiet barnehage
Revehiet barnehage
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

Oisann!Ein sein ettermiddag i Revehiet barnehage vert barna uvenner. Dei kranglar og slåst, og alt er berre dumt. Ikkje så uvanleg kanskje? Men kva gjer ein når alle er trøtte? Kva kan dei vaksne gjere? Petter og Hilde i Revehiet barnehage veit råd; dei hentar Harriet som kjem med verktøykassen sin. Ein stor madrass på veggen må vere mykje betre å slå på, meiner dei.

Historia er lett å kjenne seg igjen i. Kven har ikkje opplevd at tolmodet renn ut og ein berre har lyst til å skrike og slå? Løysingane som kjem fram, er også lettvinte og gode. Her kan borna slå på puter og madrassar i staden for kvarandre. Men kanskje vert boka litt langdryg. Det går lang tid mellom dei ulike episodane, og løysingane vert kanskje litt vel like? Så mange episodar kan også gjere handlinga litt vanskeleg å fylgje med i.  

Men det kvardagslege og jordnære i forteljinga vil truleg mange av dei små like. Dette handlar om å løyse kvardagen sine utfordringar og om korleis vennskap kan bestå, sjølv om ein ikkje alltid er samde om alt. Det vil vere lett å finne historier frå barnet sin eigen kvardag som passar til temaet. Teksten er i ein pedagogisk tone utan at det nødvendigvis skremmer lesaren.

Teikningane er enkle og realistiske og gir eit godt bilete av handlinga. Kjekt er det også at personane er representerte i omslaget på boka, slik at borna lettare kan bli kjende med dei mange karakterane.

Oisann
Av Siv Widerberg og Cecilia Torudd
Omsett frå svensk av Sigmund Løvåsen
Samlaget 2009

 
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.