| Pass deg for krokodilla! |
|
|
|
| Skrive av Janne Karin Støylen |
| torsdag 17. juni 2010 08:55 |
|
Blodrik og Blodfabrikken er ei forteljing om oppfinnarevne og skaparkraft, fortel forfattaren. – Vi manglar noko, det må vi lage, vi kan gjere det sånn! Kari Stai skriv og illustrerer sjølv. – Bileta kan sjå ut som kollasj, men er eigentleg teikningar utan strekar, fortel ho og forklarar korleis ho tek vekk strekane fordi ho vil ha illustrasjonar med fokus på form. Bøkene til Kari Stai opnar for filosofiske samtalar der ein kan undre seg saman. – Eg vil ikkje bruke ord som ”livet” og ”døden”, seier ho. Men forteljinga om Blodrik er på mange måtar vertikal, den strekker seg mot skyene. I boka om Jakob og Neikob er handlinga meir horisontal og jordisk – dei held seg på bakken, fer ut i verda, men kjem heim att.
Jakob og Neikob er no blitt animasjonsfilm. Set småtrolla framfor datamaskina og snurr film:
Janne Karin Støylen er
litteraturmedarbeidar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. www.nynorsksenteret.no
|
| Sist oppdatert torsdag 17. juni 2010 10:04 |
Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.
Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa.
Har din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.