| Språkstimulering i Seljord |
|
|
|
| Skrive av Astrid Eidhammer Hjelmeland |
| torsdag 17. juni 2010 09:34 |
|
Språkleg variasjon Blant innbyggjarane og personalet i Seljord er det mange innflyttarar og ulike språk. – Me har respekt for talemålet, understrekar Bøhn. Samstundes er nynorsk skriftspråket i kommunen, og difor er val av nynorsk litteratur og tekstar på nynorsk viktig. Samstundes er det viktig at ein kan stilla spørsmål ved kva som vert sagt, og kvifor nokre har eit anna uttrykk enn det ein er van med. – Det er også med på utvikla språkforståinga hjå borna. Må halda trykket oppe Språkstimuleringssatsinga går ikkje heilt av seg sjølv. – Me må ha eit språktema ein gong i året, fortel Bøhn. Dette gjeld dei vaksne i barnehagen. Vi brukar ein personalutviklingssamanheng, eit kurs, eit fagtreff eller liknande til kompetanseutvikling eller drøfting innafor språklege tema kvart år. Språkråd til foreldre (kjelde: Seljord kommune) Snakk med barnet ditt om kva det opplever.Lytt til barnet ditt. Syn interesse for det barnet snakkar om, og be om utdjuping viss noko ikkje er presist eller er vanskeleg å forstå. Snakk om kva ord betyr. Fortel historier og vitsar. Lytt til barnet sine vitsar – med eller utan poeng. Gje oppmuntring og ros!!! Då gir du barnet ditt tillit til seg sjølv og eigen språkkompetanse. Finn meir info og gode lenker frå Seljord her: |
| Sist oppdatert torsdag 17. juni 2010 09:52 |
Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.
Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa.
Har din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.