Storemonster og veslemonster

Skrive av Toyni Tobekk.

monster

To spennande bøker frå Island: Om å kjenne på kjensler ein ikkje alltid likar å ha.

Desse to monsterbøkene, som er gjevne ut av den islandske trioen Güettler, Hemsdal og Jónsdóttir, med Jónsdóttir som illustratør, verkar ved første augekast litt mørke og skumle. Veslemonster og Storemonster er svarte og grå, dei har kvasse tenner og kraftige, hårete kroppar. Men dei har òg redde auge og fortvila uttrykk i fjeset. For Veslemonster føler at Storemonster alltid skal bestemme og sjefe, og Veslemonster synest det er vanskeleg å seie nei til ting han ikkje vil vere med på.

Storemonster på si side ser at Veslemonster er så flink til alt, teikne, måle, forklare og bestemme leiker. Det gjer Storemonster underlegen, trist og lei. Men monster græt vel ikkje, gjer dei?

Det endar godt med både Storemonster og Veslemonster, sjølvsagt. Det må det jo! Men før det gir bøkene grobotn for mange gode samtalar om kjensler. Korleis er det når vi ikkje vågar seie frå og stå på det vi meiner er rett? Korleis kjennast det når andre bestemmer og ein sjølv kjenner seg mindre og mindre verd? Korleis skal vi seie nei når vi meiner det?

Desse to monsterbøkene handlar til sjuande og sist om desse små monstra som ofte sit inne i sjelene våre og kitlar dei negative tankane og kjenslene vi kan ha om oss sjølve. Det kan vere greitt å få lufta monstra ut og setje ord på kva dei gjer med oss. Og har du først sett eit monster iført badering, flytearmband og solbriller, så sluttar du truleg å synast at dei er så skumle.

nei_sa_veslemonsterstore_monsterNei! sa Veslemonster

Store monster græt ikkje

Av: Kalle Güettler, Rakel Hemsdal og Áslaug Jónsdóttir

Til norsk ved Tove Bakke

Parallellutgåver på nynorsk og bokmål

Skald forlag

Stiftinga Pirion v/Norsk Plan, Sandsvegen 134, 4230 Sand 52 79 04 84 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276 Nettstad levert av Norsk Plan