Fagbøker med vaksenspråk til barn

Skrive av Elin Moen Karlsen.

Fagbøker i barnehagen kan vere med på å gjere barna klare for den faglege verda og gjere overgongen til skulen lettare. Ill.foto: Elin Moen Karlsen

Det er mange fagbøker for barn på marknaden, men mange av dei har tekstar som er fulle av abstrakte ord og uttrykk, noko som gjer det vanskeleg for små barn å henge med. Det har tekstforskarane Norunn Askeland og Eva Maagerø funne ut gjennom eit studium av slike bøker.

 

Askeland og Maagerø har plukka ut rundt 25 fagbøker for barn mellom tre og fem år, som dei har gått djupare inn i.

– Vi ønskte å få vite meir om fagbøker for små barn og kva tekstar barn møter i slike bøker, fortel Eva Maagerø, som er dosent ved Høgskolen i Vestfold, der ho og professor Norunn Askeland mellom anna underviser i faglitterær skriving.

Ho peikar på at det finst mange fagbøker for barn på marknaden.

– Det er mange gode bøker på marknaden, med spennande bilete og godt språk, men det er også bøker som ber preg av å ha blitt laga litt raskt. Dette gjeld spesielt bøker som er omsette til norsk frå eit anna språk, seier Maagerø.

– Dei bruker det same biletmaterialet som boka har på originalspråket, og for at det skal stemme grafisk, må den norske teksten stå på same side og ta omtrent like mykje plass. Då er det ikkje alltid språket blir så bra, held ho fram.

Ho fortel om eit døme med ei tredimensjonal bok med sprett-opp-illustrasjonar, som er del av ein fagbokserie frå Storbritannia.

– Vi observerte ein førskulelærar lese frå denne boka for to barn i førskulealder og filma det. Barna var veldig interesserte og engasjerte i dei spennande illustrasjonane, men når førskulelæraren skulle lese for dei, mista dei raskt interessa og ville bla vidare. Fagspråket som blei brukt, var for vaksne, og dermed blei det ikkje ei fagbok som eigna seg godt for barn, slår tekstforskar Maagerø fast.

Viktig med fagterminologi

Ho understrekar at det godt kan vere faguttrykk med i fagbøker for barn.

– Det er viktig at barn møter faguttrykk og faglege omgrep. Det er ofte vaksne som er redde for fagterminologi, ikkje barn. Små barn synest det er morosamt å møte nye ord som dei ikkje har høyrt før, men språket kan ikkje vere komplekst på alle måtar, og faguttrykka må forklarast gjennom tekst eller illustrasjonar, seier Maagerø.

Det at barn i førskulealder ikkje les sjølve, men blir lesne for, er avgjerande for kva dei får med seg av tekst.

– Munnleg språk er flyktig, situasjonen er intens, og då kan ikkje språket vere fullt av abstrakte ord og kompleks grammatikk, meiner tekstforskaren.

Askeland og Maagerø er ikkje i tvil om at det er viktig med fagbøker for barn.

– Ein kan ikkje sjølv kome i kontakt med alle ting og gjere førstehandserfaring. Då kan ein utvide erfaringa si gjennom bøker. Slike bøker er også viktige for språkutviklinga. Skal barnet møte den faglege verda, bli interessert i det som skjer, og utvikle eit språk som tek barnet inn i skulen på ein god måte, så er fagbøker viktige, slår Maagerø fast.

Askeland og Maagerø opplevde gjennom studiet sitt, «Fagspråk i barnehagen. Fra riddere til gravemaskiner», at det er ei høg grad av sjangerblanding i fagbøker for barn.

– I fagbøker for større barn og vaksne er tekstane sakprosatekstar, medan det i fagbøker for barn er eit større spekter av sjangrar. Det kan i tillegg til fagprosatekstar vere eit vers, eit rim eller ei forteljing. Denne sjangerblandinga skapar variasjon og kan vere med på å gi barna ein pause eller gjere teksten morosam, seier Maagerø.

Sjølv om det er mange fagbøker på marknaden, meiner dei to tekstforskarane at det er plass til fleire.

– Det vil alltid vere behov for nye, gode, oppdaterte fagbøker for små barn. Det er også behov for å marknadsføre dei betre; at barnehagen veit om dei, og at foreldra ser dei, konstaterer Maagerø.

Illustrasjonsfoto fagbøker for barn Foto: Astrid E. Hjelmeland

Må synleggjerast

– Fagbøker for barn må dessutan bli melde. Det er det for lite av i dag. Media må vere med og synleggjere dei i det offentlege litterære rommet. Små barn er viktige, men får ikkje så stor plass som vaksne. Eg ønskjer også ein debatt om kva som er gode fagbøker for barn, held ho fram.

Eva Maagerø og høgskulekollega Norunn Askeland såg på to område i studiet sitt. I tillegg til å studere tekst i fagbøker såg dei på fagspråket i barnehagen.

– Vi var i ein barnehage og observerte mellom anna ein assistent som var veldig språkmedviten. Han nytta heilt daglegdagse situasjonar der han var saman med barna, til å undre seg over ord saman med dei. Anten dei var ute i skogen eller inne og laga eit univers av planetar, så kunne han nytte situasjonen til å undre seg over ord og uttrykk. Det var ikkje alltid nøye gjennomtenkte pedagogiske opplegg for språkstimulering, men han nytta seg av situasjonen dei var i, fortel Maagerø.

Ho peikar på at det er viktig å vere medviten om språket i barnehagen.

– Barnehagen er vesentleg for å byrje ei god språkleg utvikling. Dei fleste barn går i barnehage, og dette er dermed ein god arena å starte arbeidet med språket på, seier ho.

Tradisjonelle tema i fagbøker for barn har vore dyr og teknikk, medan det dei siste åra har kome fleire bøker om til dømes korleis barn blir til, sjukdom, venskap og død. Maagerø meiner at mange barnehagar er flink til å finne gode fagbøker.

– Mange er flinke til å velje ut bøker som er gode både visuelt sett og verbalspråkleg sett, seier tekstforskaren til slutt.

Stiftinga Pirion v/Filter design & kommunikasjon , Sandsvegen 134, 4230 Sand 52 79 04 84 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276 Nettstad levert av Filter design & kommunikasjon