Nynorsk frå skulestart

Skrive av Irene Garnes Hareide.

Lærar Marit Bergheim Lyhammer ved Søre Fusa oppvekstsenter har ei spesiell tru på å bruke poetiske tekstar i språkarbeid med dei yngste. – Elevane lærer mykje av det, og det er ein svært god måte å jobbe på for å byggje opp språkleg medvit, forklarer ho. (Foto:Irene Garnes Hareid)

Det er samlingsstund for første og andre klasse ved Søre Fusa oppvekstsenter. Fem gutar og sju jenter sit på låge trebenkar med blikket vendt mot lærar Marit Bergheim Lyhammer. Marit held opp ein blå plakat med eit dikt om månen, som er skrive av Halldis Moren Vesaas. – Kan vi ikkje lese det sånn hakkete? spør ein av elevane. – Jau, men først tek vi det med vanleg stemme og på vanleg måte, svarer Marit. Og så les dei i kor:

Månen

Månen er så gul og rund.

Auge har han, nase, munn.

Ingen bein det eg kan sjå.

enda kan han stå og gå,

stå opp, gå ned, rund og gul.

Pytt, han trillar som eit hjul!

Så er det endeleg tid for å lese hakkete, med trykk på kvar staving. Etterpå får kvar elev velje ei oppgåve: Dei kan anten ringe rundt ein å-bokstav, ringe rundt to ord som rimar, eller ringe rundt eit ord som har to stavingar. Elevane er konsentrerte og ivrige. Til slutt les dei diktet i kor igjen. Det er lett å merke at dette er eit opplegg elevane kjenner. Marit er oppteken av å bruke poetiske tekstar. – Eg har ei spesiell tru på å bruke poetiske tekstar med dei yngste. Elevane lærer mykje av det, og det er ein svært god måte å jobbe på for å byggje opp språkleg medvit, forklarer ho. Kvar veke får elevane møte eit nytt dikt på nynorsk.

Klassa har sidan hausten 2011 vore med på prosjektet «Nynorsk frå skulestart». Åtte skular rundt om i landet er med på dette prosjektet, som fokuserer på at elevane skal møte det nynorske skriftspråket tidleg, gjerne i form av nynorsk barnelitteratur. Marit har valt å fokusere på bruk av nynorske dikt og bøker i samband med skriveaktivitetar. Dikta og bøkene blir modellar for elevane, og Marit understrekar at gode modellar er viktige: – Mange kommersielle og masseproduserte bøker har eit språk som er vanskeleg å lese for elevane, og dette gir dei eit dårleg utgangspunkt. Eg legg vekt på å bruke gode bøker og prøver å inspirere foreldre til å gjere det same, fortel ho.

Det er tid for matpause, og elevane set seg ved pultane sine. Skiver med leverpostei, fårepølse og brunost dukkar opp frå fargeglade matboksar, og Marit finn fram boka Vaffelhjarte av Maria Parr. Dei snakkar litt om handlinga i boka, tenner «leselyset», og så er det tid for høgtlesing.

Stasjonsarbeid (Foto:Irene Garnes Hareid)

Etter langfriminuttet står Lesetoget på planen. Dette er eit opplegg med stasjonslæring, og toget går mellom stasjonane Leseland, Datadalen, Skrivestova og Lesekos. I Leseland får elevane lesetrening gjennom rettleidd lesing med Marit, i Datadalen jobbar dei sjølvstendig med språkstimulerande aktivitetar og spel på nettsidene Berte og Iver, i Skrivestova skriv dei eigne vinterdikt på datamaskin saman med assistent Maud Markhus, og på stasjonen Lesekos les dei i koseboka si. Rulleringa mellom stasjonane skjer sjølvsagt ved togtransport, og elevane kosar seg når dei får gå i tog og synge: «Her kjem lesetoget, å lesa er bra!»

Skuledagen er over for dei yngste elevane ved Søre Fusa oppvekstsenter. Nokre skal heim, andre på SFO. Akkurat kva dei tenkjer på når dei går ut i snø og sludd denne tidlege ettermiddagen, veit vi ikkje, men vi kan sjå for oss at dei nynnar litt på songen om Lesetoget eller ei strofe eller to frå månediktet på vegen heim.

Fakta:

Nynorsksenteret er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen. Senteret driv ulike utviklingsprosjekt for å styrkje nynorskopplæringa.

På nettstaden Nynorsksenteret.no finn du nyttige ressursar for skulen og barnehagen, til dømes teikneseriar på nynorsk, boktips om nye nynorske bøker og døme på undervisingsopplegg. Her finn ein òg aktivitetssidene Berte og Iver, der barna kan utforske ulike rom med språkaktivitetar, spele spel, sjå animasjonsfilmar og mykje meir. Alle ressursar er sjølvsagt på nynorsk og er gratis og tilgjengelege for alle.

Stiftinga Pirion v/Filter design & kommunikasjon , Sandsvegen 134, 4230 Sand 52 79 04 84 Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276 Nettstad levert av Filter design & kommunikasjon