Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Pirionkurs
Pirionkurs PDF Skriv ut E-post
Skrive av og   
onsdag 26. november 2008 11:28

Korleis skapar me ein kulturbarnehage?
Kva kultur er det me ønskjer at barna våre skal læra?
Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie, kor hentar barna opplevingar frå?


Pirionkurs i Vindafjord sept 2009 Pirionkurs i Suldal mars 2009

Om kurshaldarane
Kurshaldarane våre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljarstudium, kulturskule og kulturliv generelt.


Pirionkurs i Vindafjord sept 2009 Pirionkurs i Vindafjord sept 2009

Forteljar Anne Elisebeth Skogen                                 Litteraturformidlar Janne Karin Støylen.


Kontakt:

Vil du tinga kurs eller få meir informasjon, ta kontakt med Astrid Eidhammer Hjelmeland:
tlf: 52 79 04 84 / 97 19 47 88
(måndag og tysdag mellom 9 og 15)
epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Kurs som me har halde:
21. september 2009: Pirionkurs i Vindafjord kommune

Kurshaldarar: Anne Elisebeth Skogen og Janne Karin Støylen
Deltakarar: rundt 130 barnehagetilsette frå alle avdelingane i Vindafjord kommune.

4. mars 2009: Pirionkurs i Suldal i samarbeid med Suldal barnehagekontor.
Kurshaldarar: Forteljar Anne Elisebeth Skogen og folkemusikar Åshild Vetrhus
Deltakarar: Rundt 30 barnehagetilsette frå Karmøy, Tysvær, Suldal og Vindafjord

2. januar 2008:
Pirionkurs Stavanger Forum i samarbeid med Hillevåg bydel
Kurshaldarar: forteljar Heidi Dahlsveen og folkemusikar Unni Løvlid
Deltakarar: rundt 600 barnehagetilsette frå Rogaland

Om kurset
Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kulturformidling for tilsette i barnehage og småskule og elles andre
som arbeider med små barn.

Kurset skal vere med å bevisstgjera dei vaksne på kva kultur ein ønskjer å formidle og syne korleis den lokale kulturen og historia er eit godt grunnlag for dette. Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.

Pirionkurset passar for både små og store grupper. Kurset varar mellom 6 og 8 timar. Ta kontakt for informasjon og pristilbod.

Kommunar eller institusjonar kan tinge kurset ved å vende seg til Pirion. Me vil i samråd med dykk skaffa kurshaldarar og saman avklare alle praktiske detaljar kring kurset.

Om Pirion
Stiftinga Pirion gir ut kulturavisa Pirion åtte gonger i året. Me bidreg og fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst. Pirionkursa er eit tilbod me har til alle, heilt uavhengig av abonnement.
 

Sist oppdatert tysdag 13. april 2010 08:11
 
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.