|
Med frosken på nye eventyr |
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|

I bøkene Frosken og fuglesongen og Frosken og den vide verda fylgjer me den morosame og undrande frosken og vennene hans. Max Velthuijs har til saman gitt ut 10 bøker om denne frosken der han med humor og innsikt skildrar små og store opplevingar i livet, både for froskar og menneske.
|
|
Les meir …
|
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Kva er det eigentleg å vere forelska? Er det å falle pladask ned på nokon? Eller er det når ein er sprutraud i fjeset? Er det berre noko prinsar og prinsesser er? Og kan ein ikkje brenne seg på forelskinga? Er ikkje det ein brann?
Det er mange spørsmål som dukkar opp når ein prøver å finne ut av kva forelsking eigentleg er. Det er det også hjå Simone, Olav og dei andre barna i barnehagen som me møter i boka Forelsking av forfattar og illustratør Rébecca Dautremer.
|
|
Les meir …
|
|
Endelig - robuste peikebøker |
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|

Endelig god natt er første boka i ein serie på fire peikebøker frå den svenske illustratøren Camilla Lundsten. Her møter me Veslefanten, Kanina og Makkus som skal legge seg om kvelden. Men først må dei pusse tenner, gå på do, vaske seg, ta på nattklede og ete kveldsmat. Det er mykje som må ordnast før dei endeleg kan leggje seg. Dei andre bøkene i serien er Endelig regn, Endelig mat og Endelig fest.
|
|
Les meir …
|
|
Dikt for barn i alle aldrar |
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Dette er ei diktbok dei fleste kan ha glede av. Forfattar Kaldestad og illustratør Kramer har begge ei sterk interesse for fuglar og dyreliv, noko dei serverer borna på gullfat i denne diktsamlinga.
|
|
Les meir …
|
|
Bukkene Bruse på badeland |
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Her er eit kjent eventyr i ein ny form. Dei fleste kjenner nok til Dei tre bukkane Bruse som skal på setra for å bli feite. Men i denne historia går ikkje alt som det plar, bukkane hamnar nemleg i badeland i staden for på setra.
Bjørn Rørvik har eit levande og godt språk i ein svært munnleg drakt. Han skriv nesten på dialekt når han skildrar dialogen mellom bukkane. Og ikkje minst har bukkane fått eit nytt og meir moderne språk. – Please? sa den minste – Da trenger vi ikke gå over brua heller. Det er så skummelt med det trollet, seier den minste bukken når dei bestemmer seg for å heller gå til badelandet.
Forfattaren klarer å la bukkane vere bukkar, også i språket. Det er fornøyeleg å høyre brekinga som nesten kjem av seg sjølv når ein les teksten høgt. Når til dømes den mellomstore bukken lurer på om dei heller kan gå å bade: – Det er så kjedeleg oppe på setra. Bare gå der og bre – e – e – ke hele sommeren.
Det er også brukt visuelle grep i teksten for å gjere lesinga meir variert. Ord og bokstavar er utheva eller skrive med tjukk skrift. Likevel er det litt vanskeleg å forstå alle desse grepa. Det er ikkje alle uthevingane som er like logiske. Men dei får uansett teksten til å leve.
Det er Gry Moursund som står for dei barnslege teikningane. Ho teiknar så truverdig at ein faktisk skulle tru det var borna sin eigen strek som var utgangspunktet. Mange og sterke fargar saman med detaljerte teikningar gir ei biletbok det er verdt å bruke lang tid på.
Og her er ikkje minst mykje humor. Dei aller fleste vil trekkje på smilebandet når det store trollet til slutt må opp i den store vannsklia og forsvinn ut av vindauget. Og dei tre bukkane Bruse står sjølvsagt att som heltar.
Dette er ei historie barna kjenner. Men med nokre enkle grep og klare kontrastar har Rørvik klart å lage noko nytt og spanande ut av eventyret. Og det utan at den opphavlege handlinga forsvinn.
Av Bjørn F. Rørvik
Illustrert av Gry Moursund
Cappelen Damm
|
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Rampete Robin feirar Halloween på sin eigen måte; han driv både foreldre og barnevakter til vanvit og plyndrar Gretne Grete sin hemmelege klubb. Robin fortener nemleg namnet sitt, han er rett og slett rampete. ??Det er Espen Beranek Holm, mest kjent som komikar frå program som Hallo i uken i NRK P2 og TV-programmet Løvebakken på NRK, som fortel historiene om Rampete Robin på lydbok. Han har eit imponerande og variert repertoar av stemmer og fortel med eit så sterkt engasjement at ein lett kan leve seg inn i historia. Og alt saman er gjort med ein ekte guteaktig og rampete tone. Dette er historier mange små gutar kjenner seg att i. Her er mange karakterar å bli kjent med, og alle har dei skildrande namn. Storebror Perfekte Peter likar å leggje seg tidleg og gjer aldri noko gale, Nifse Nina er barnevakta som alle fryktar, medan Gretne Grete aldri blir i godt humør. Det er lett å finne tydelege karaktertrekk i personane, noko som gjer at det er lett å skilje mellom karakterane, også for dei minste. Samstundes blir det kanskje litt for lettvint? Ingen er vel alltid sinte eller alltid snille? Historiene er tøffe og passar nok best for gutar og jenter frå 5-årsalderen og oppover. Lydboka varer i nesten ein time og er delt inn i fleire små kapittel. Kvart kapittel har ei eiga historie, slik at ein ikkje treng å høyre heile boka samanhengande. ??Forteljingane er også humoristiske, og det er tett mellom dei gode poenga som får deg til å le. Rampete Robin er truleg ei forteljing heile familien kan ha glede av å høyre på i bilen. Eller kanskje det kan bli ei kjekk lita lyttestund i barnehagen??
Judith Sørhus Litlehamar
Rampete Robin Lydbok
Av: Francesca Simon
Omsett av Dagny Holm, lest av Espen Beranek Holm
2009
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |