Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg!
Stankelbeinskrift
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

StankelbeinskriftHer får du leikne vers og dikt som eignar seg godt for høgtlesing eller leik. Me les om kaffibesøk hjå bestemor, klappstolen Klappe, stankelbein og om hausten. Versa er varierte, her er alt frå humor, alvor og moral til levande skildringar. Nokre av versa kan kanskje vere litt svevande eller vanskelege å forstå for dei minste. Men alle kan høyre musikaliteten i versa, og kanskje er det spanande sjølv om ein ikkje alltid forstår alt. Truleg vil det bli nokre spørsmål frå dei minste om kva dikta betyr. Dette er boka for undring og samtale.

Dikta har eit enkelt oppsett, fleire av versa har også grafiske grep som bygger opp under handlinga. Diktet Skapingar I handlar om ein nesten usynleg fugl og er forma som venger som fyk gjennom lufta. Slike grep gjer boka kjekk å ikkje berre lese i, men også kikke i.

Les meir …
 
Magisk juleforteljing
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altJon og den lange julenatta er ei ekte og magisk juleforteljing. Hesten til Jon, Tyra, skal ha føl. Og det på sjølvaste julaftan. Jon tek med seg soveposen og flyttar ned i stallen på kvelden for å passe på hesten sin. Og det er då det magiske skjer. Eit ekte under.

Parallellen mellom Hilde Myklebust si forteljing og julevangelieet er klar. Det handlar om ein magisk fødsel i ein stall der gode hjelparar passar på. På denne måten formidlar Myklebust noko av kjernen i julefeiringa på nytt, i ein ny drakt for barna. Men også dei minste vil truleg kjenne att desse trekka. Samstundes som forteljinga står trygt på eigne bein.

Det er ei glede, både å lese og bla i denne boka. Ein sit att med ei ekte julekjensle og barnleg  iver etter å levd seg inn i historia om Jon og det store som ventar i stallen. Både Myklebust og illustratør Inger Lise Belsvik klarer å formidle noko av det opphavlege og unike med julaftan. At følet får namnet Stjerna blir nok eit bilde på kva jula handlar om.

Men dette er også historia om ein gut og ein hest som har eit ekte og varmt vennskap. Boka fortel mykje om kva forhold det går an å få til dyr, og kor viktig det er med nærleik til natur og dyr. Dette er også tema me kjenner att frå Myklebust sine to diktsamlingar. No beviser ho at ho også meistrar barneboksjangeren.

Dei store og fargerike teikningane til Belsvik er nettopp så koselege og nostalgiske dei skal vere. Dette er ei bok å bli glad i. Og ei bok som både små og store vil gle seg over. Sjølve historia passar truleg best for dei frå 4 – årsalderen og oppover, ikkje minst sidan boka har ein god del tekst. Men alle vil kunne gle seg over sterke fargar, nostalgisk julefeiring og ekte juleglede.

Jon og den lange julenatta
Hilde Myklebust
Illustrert av Inger Lise Belsvik
Samlaget 2009

 
Tonje Glimmerdal
Skrive av Janne Karin Støylen   

Tonje GlimmerdalUnder dyna heime hjå oss ligg to gutar. Den eine vert fem år til jul, og den andre er nett fylt ti. Regnet hamrar på taket. I det skrå skinet frå nattbordlampa ser vi kartet på innsida av permen i den nye boka. Vardetind, Glimmerhornet og Veslehammaren rammar inn Glimmerdalen med Gunnvald sin gard og Tonje sin gard. Sommarfjøsen og huset til Sally. Elva vert breiare ned mot Hagen helsecamping. Heilt nede ved fjorden ligg trygdebustadane, kaia og kiosken. Det er 11 km til Barkvika og 63 km til byen. No blar vi om og reiser til Glimmerdalen i lag.


Tonje Glimmerdal er det einaste barnet i Glimmerdalen. Bestevennen hennar er ein gammal staur som heiter Gunnvald. Han er 74 år og sauebonde. – Det er min santen eit sørgjeleg utval vi har her i Glimmerdalen, tenkjer Tonje i sine tunge stunder. Men inst inne veit Tonje at Gunnvald hadde vore bestevennen hennar om det så budde ti år gamle barn på kvar einaste tue i heile dalen. – Kva skulle du gjort utan meg, Gunnvald?, spør Tonje ofte. – Då hadde eg grave med ned og sjølvdauda, svarar han.


I den nye boka til Maria Parr er ramma for forteljinga det som hender i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien dette året då Tonje snart skal fylle ti år. Det skal testast heimesmidde rattkjelkar, takast salto frå Vardetinden, lamma skal komme, og Gladiator må flyttast opp i sommarfjøsen. Her trengst det fart og sjølvtillit! Men det skal også komme eit brev om noko hemmeleg, noko stort som trugar med å øydeleggje det gode livet i Glimmerdalen for alltid. Om det ikkje var for Glimmerdalens vesle dunder. – Det er heimar og venner og pappaer og mammaer og felespeling og fjella og elva og havet som stig som er viktig, seier Tonje.
Det er så mykje godt å seie om denne forteljinga. Spennande og morosam. Ei herleg høgtlesingsbok. Tidlaus og klassisk. I fin dialog med andre tøffe jenter i barnelitteraturen, som Heidi i Alpane og Pippi i Ville Villekula. Men kanskje er det viktigast at den også er alvorleg. Personane har sterke og svake sider. – Vaksne gjer mykje dumt, Tonje, det skulle vel eg vite, her eg sit og er full på ein tysdag føremiddag, seier gamle Nils nede på trygdebustadane. – Men det er ein viktig ting: Nils bankar fingeren ned i kneet på Tonje då han seier det, som om han vil stemple orda inn i henne: Det – er – aldri – barna – sin – feil!
- Det er ikkje lov å ta motet frå ungane, seier Maria Parr. – Det er alltid håp.

Maria Parr
Illustrert av Åshild Irgens
Samlaget 2009

Lenk til opplesing av forfattar: http://www.youtube.com/watch?v=Iff2bk8FUsA&feature=player_embedded



 
Ballongmamma
Skrive av Toyni Tobekk   

altMamma til Gyri låser seg inn i dusjen og nektar å kome ut att. Mamma
blir verande i dusjen i dagar og veker, og medan dagane går, veks mamma
seg større og større. Pappa er inne og bles litt på ho i blant, medan
naboen klagar og Gyri ventar. Og til slutt skjer det vi anar vil skje:
Ut av mamma kjem det ein fin liten baby.
Ballongmamma er ei underleg bok. Ho er som ei boble, ikkje ulik den
bobla mammaa til Gyri lever i. Det handlar om graviditeten og
ventetida, noko familiemedlemene tilsynelatande opplever ganske ulikt. Boka har lagt alt det praktiske og pragmatiske til
side og formidlar meir stemningar og kjensler kring det uforståelege
mirakelet eit svangerskap kan vere.  Ikkje alt som skjer i boka, gir
like mykje meining. Kvifor far bles på mor i dusjen, har underteikna
enno ikkje forstått. Men bilda og teksten kitlar meg og mine små
lesarar og får oss somme gonger til å boble over av lått. Denne boka
fungerer best når ein berre lèt seg flyte med.

Tekst:  Siri Sandberg Meløy
Teikning: Motorfinger
Det Norske Samlaget 2009
Nynorsk



 

 
Marie
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altDette er ei fin samling forteljingar for barn i barnehage- eller småskulealder. Olaug Marie Bjørndal har skrive ned små historier ho hugsar frå eigen barndom, medan kunstnar Anja Tveiterås har illustrert tekstane.
Mange vil kjenne seg att i historiene om Marie som skulle på butikken for å kjøpe kaviar, men som kom heim igjen, både utan pengar og kaviar. Om alpelua som forsvann i vinden, og om ho som mest av alt ynskte seg dokkevogn til jul. Om spenninga som låg i lufta, heilt fram til julaftan kom og nissen stod i døra med ein kjempestor pakke…
Det er dei fem tekstane i boka som står i fokus. Med ein forteljande og munnleg tone skildrar Bjørndal ei anna tid, eller det me gjerne kallar ”gamle dagar” eller ”før i tida”. For barn har det naturlegvis ein verdi i seg sjølv at nokon fortel korleis dei hadde det som barn, og korleis det var i gamle dagar. Barn let seg inspirere og glede over dei som har tid til å setje seg ned og fortelje historier og dele sine eigen minner. Bjørndal arbeider sjølv i barnehage og veit kva forteljarstunda betyr for barna, det er òg noko av grunnen til at ho byrja å skrive historiene ned. Historiene hennar om korleis det var å vekse opp på ein liten gard i 50-åra, har vore populære i barnehagen i mange år. No er dei altså komne i bokform.
Forteljingane er lettleste, og det munnlege språket høver godt for opplesing, gjerne krydra med dei små ordforklaringane som står rundt omkring i boka. Dette er eit godt grep i og med at ikkje alle barn veit kva ei alpelue eller møkkakjerra er for noko. Historiene er også oversiktlege med kort tidsrom og få personar. Det fører til at også dei yngste borna lett kan fylgje med.
Teikningane er realistiske og er med på å bygge opp under handlinga utan å ta for mykje av fokuset. Det er framleis tekstane som får lov til å stå i sentrum. Teksten og den gode forteljarstunda.  

Marie
Av Olaug Bjørndal
Illustrert av Anja Tveiterås
2009



 

 
Natt – Vrimlebok
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altMange hugsar nok Vår – Vrimlebok, Haust – Vrimlebok, Vinter – Vrimlebok og Sommar – Vrimlebok.  Dette er den femte boka om livet i Vrimleby. Her er mange historier utan ord. Birgit som ikkje får sove, Susanne og Santosh som går kveldstur, Mingus og Feline som har familietreff, Oskar junior som søv i hagen, og Frank som syklar utan lys. Vrimlebøkene er store, robuste og fargeglade. Her kan borna fylgje personar, dyr og gjenstandar gjennom boka, utan at dei må lese noko som helst.

Dei minste borna vil truleg finne mykje glede i å peike, dikte små historier om det dei ser, og ikkje minst leite på neste side for å finne ut korleis det gjekk med favoritten deira. Og større born kan bruke mykje tid på detaljane i boka, samstundes som dei kanskje blir inspirerte til å finne si eiga historie i teikningane?

For det er nettopp bilete denne boka består av. Store, gode teikningar som både er realistiske og detaljrike. Og kvar minste bil, sykkel eller person har si eiga historie som blir fortalt på neste side. Dette er biletboka ein aldri blir heilt ferdig med, og som høver for born alle aldrar. Kanskje kan den også nyttast i undervisninga i barneskulen, til å stimulere kreativitet og skrivelyst?

Her er mange historier å fortelje for den som les høgt, og det er mange ting å oppdage for den som fylgjer med.  Dette er ei biletbok som fortener at ein tek seg tid til å undre seg, peike, forklare og dikte.

Natt- Vrimlebok
Av Rotraut Susanne Berner
Omsetjing: Hanna Midtbø, Ragnfrid Trohaug
Samlaget 2009

 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.