Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg!
Himmelspringaren
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

HimmlespringarenI Gullullafjøset vart det født eit annleis lam, eit lilla lam ingen før hadde sett maken til. Det er nesten ingen, ikkje eingong mora, som vil ha noko med Lilla å gjere. Ho er ikkje som dei, og dermed får ho ikkje vere med til fjells den sommaren. Derimot må ho leve att heime som flaskelam. Berre Gamalsauen tek seg av Lilla, og saman fer dei til fjells likevel. Men der gjere Lilla noko ingen av sauene har gjort før henne…

Sissel Horndal tek oss med gjennom ei rørande historie om nokon som fell utanfor og som må bevise at dei også kan få til noko. Og slik skaffar Lilla seg respekt blant dei andre sauene. Historia er klassisk og full av moralske aspekt. Det er ei forteljing mange, både barn og vaksne, vil kjenne seg att i. Det heile handlar om mot og vennskap.

Horndal har eit levande språk som driv handlinga framover. Men mest av alt er det illustrasjonane som gjer historia så levande. Teikningane er gode å sjå på, dei er fargerike, store og så realistiske at kvar sau til og med har sitt eige ansiktsutrykk. Det er ei bok du får lyst til å lese i, eller berre sitje å kikke i. Og for dei minste barna er det godt å kunne fylgje historia utan ord, og sjølv gjerne klare å tolke teikningane på ein ny måte.

Himmelspringaren
Av Sissel Horndal
Mangschou 2008



 
 


 
Jakob og Neikob
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altNokre menneske har lett for å seie ja, andre svarar nei til det meste. Jakob og Neikob lærer oss at nei kan bli til ja, og at ja-menneske også av og til må setje grenser. Jakob er den positive, den som kjøper lamper og trommer av seljarar, den som alltid vil på tur og som let farlege tjuvar få lov til å sitje på heilt til Utlandet. Neikob, derimot, er skeptisk til det meste, han vil ikkje dele hus med Jakob på grunn av alt det Jakob kjøper, han vil ikkje ha boller og ikkje vere med på biltur. Neikob kan faktisk seie nei på hundrevis av språk.

Men så kjem Jakob på det geniale. ”Du seier vel ikkje nei til ein biltur, vel?” spør han Neikob, som sjølvsagt svarer ”Nei”. Dermed reiser dei på tur mot Utlandet.

Kari Stai, som er både tekstforfattar og illustratør av boka, tek opp eit viktig tema dei fleste av oss vil kjenne seg att i. Ofte kan det vere naudsynt at nokon fortel oss om me bør seie ja eller nei. Ingen av oss kan vere positive eller negative til alt.

Teikningane i boka er store og dominerande med klåre fargar. Dei er enkle i streken og gir oss eit tydeleg inntrykk av Jakob og Neikob, ikkje minst gjennom ansiktsuttrykk som tydeleg viser oss kven som seier ja og nei. Det er tydeleg at illustrasjonane er inspirerte av kollasj – noko som gir eit levande uttrykk.

Dei små tekstavsnitta finn sine naturlege plassar på sidene og fører til at boka truleg vil passe best som høgtlesing for born frå fire år og oppover. Med så sterke teikningar vil det også for dei minste vere lett å fylgje med i handlinga.

Jakob og Neikob har også fått sin plass i antologien Les for meg!, som Nynorsksenteret står bak. Denne antologien vert gitt som gåve til alle barnehagar og småskular i landet.  

Jakob og Neikob
Av Kari Stai
Samlaget 2008

 
Når tussalusi kviskrar
Skrive av Redaksjonen   

altDet er hundreårsminne for diktaren Olav H. Hauge i år, og dei minste skal også ha sitt. Hauge skreiv lite direkte for born, men i denne boka har Samlaget samla eit fint knippe dikt som dei små også vil ha glede av. Dyr slår vanlegvis godt an, og her treffer me både katten, tordivelen, hanen, ugla, piggsvinet, beveren og fleire. I tillegg til dikt om fiskarar, regnbogar og månen.


Denne boka må vera eit flott høve til å lesa høgt for borna og la dei møta andre typar tekstar enn dei reint forteljande. Utprøving her i heimen tyder på at det fell i god jord. Somme kan gjerne tenkja at språket til Hauge kan vera noko tungt, men det skal ein ikkje la seg hindra av. Ungane greier godt å læra nye ord, og ein treng ikkje gå lenger enn til Lego-katalogen (som også er populær her i huset) for å finna langt underlegare ord enn i Hauge-boka.


Inger Lise Belsvik har før illustrert ei diktbok for born av Tarjei og Haldis Moren Vesaas, og ho gjer det minst like bra denne gongen. Teikningane er knytte nokså tett til tekstane, men har også nye element, så ein får endå meir å snakka med borna om.

Når tussalusi kviskrar
Tekst: Olav H. Hauge
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Samlaget 2008
Nynorsk

 
Mamma er best - Pappa er best
Skrive av Anne Berit Skeie   
altSÅ BRA!!!! tenkjer eg når eg får bøker med god nynorsk tekst for førskulebarn. Det tenkte eg no òg då eg fekk dei to små biletbøkene av Björk Bjarkadottir. Dei er gode å ta i og lette å handtere for barn frå tre-fireårsalderen med den korte teksten på motståande side. Annakvar side er som eit lite måleri, med vakre, noko mørke fargar. Illustrasjonane er klare og enkle, og dersom ein liker den naivistiske streken, vil dei sikkert falle i smak hjå både vaksne og barn.

Eg, som tilhøyrer bestemorgenerasjonen, synest likevel litt synd i barn i dag som får bilete som anten er ei etteraping av det barn teiknar sjølv, eller noko som er såkalla "kunstnerisk" og meir for vaksne. Men illustrasjonane i båe bøkene er uttrykksfulle med fleire detaljar å feste blikket på for ein treåring.

"Pappa er best" er tileigna alle barn som har ein snill pappa, men den som skal hamle opp med far til Sofie, vil ikkje få det lett. Han kan nemleg det meste, klatre i tre, trylle fram karamellar, byggje eventyrslott frå morgon til kveld; kort og godt ein drøymepappa som aldri seier nei. Ingen far kan leve opp til Sofie sin far, og det er vel ikkje meininga heller, men korleis vil det vere å lese høgt frå denne boka dersom far kjem trøytt heim frå jobb og helst vil lese avisa i fred utan ungemas? Men kanskje kan mor lese høgt, og så kan både ho og Sofie drøyme seg inn i ei fantasiverd med eventyrfedrar.

alt"Mamma er best", derimot, vil vere lett å lese og bla i for både mor og far. Her møter vi Olai som er sinna og skuffa når magen til mamma blir så stor at det ikkje er plass til han på fanget. Det er lett å identifisere seg med Olai som går ut i verda for å finne seg ei ny mamma, så her er mykje å snakke om for både liten og stor.

Her er vi òg i ei fantasiverd, for Olai møter nemleg dyremødrer, både elefant og kenguru, fisk og fugl, krokodille og ku, alle med sine særtrekk. Til slutt finn Olai sjølvsagt ut at hans eiga mor er den aller, aller beste. Så får ein berre vone at det er slik i det røynlege livet også.

Mamma er best!
Pappa er best!
Tekst og teikning: Björk Bjarkadottir
Skald forlag 2008
Nynorsk

 
Lukas bygger olabil
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altLukas skulle så gjerne hatt ein olabil og spør pappa om hjelp. Dermed byrjar prosjektet med å byggje olabil. Arbeidet er så rikt illustrert gjennom boka at den nesten kan brukast som ei oppskrift for andre som har lyst til å prøve seg. Trinn for trinn er det skildra, både gjennom ord og teikningar, kva ein må gjere. Og teikningane er så nøyaktige og detaljerte at ein nesten kan få lyst til å byrje bygginga med ein gong. Dette er ei solskinshistorie, utan masing eller problem. Her reiser far og Lukas på butikken for å kjøpe det dei treng. Deretter byggjer dei olabilen utan problem. Kanskje for godt til å vere sant?


Uansett er boka god. Den er så rik på detaljar og nyansar i teikningane at den vert god lesing, både for liten og for stor. Og kven drøymer ikkje om ein eigen olabil? Og om at far har tid til å hjelpe? Om det skulle vere noko å setje fingeren på, måtte det vere at teksten kanskje ber litt vel preg av å vere ei oppskrift på olabil. Truleg må barnet vere ganske interessert for å halde lesegleda oppe gjennom heile boka. Men illustratøren skal uansett ha honnør for detaljane og dei nærast fotografiske teikningane.

Lukas bygger olabil
Av: Akin Duzakin
Samlaget 2008



 

 
Kuvenninnene
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altDette er ei fargerik biletbok som truleg passar best for dei mellom 3 og 6 år. Kuvenninnene diskuterer, kranglar og slåst. Gullhorn, Berta, Konni, Jorun og Bjøllekua er gode venninner heilt til dei byrjar å diskutere kven som er finast, har størst horn, den beste klangen i bjølla eller det største juret. Då utviklar det heile seg til ein slåsskamp utan like.


Auestad har både forfatta og illustrert boka med store og gode teikningar. Dyra har fått klåre ansiktsuttrykk, og sjølve kampen vert illustrert slik at sjølv dei yngste borna vil kunne sjå føre seg kva som skjer. Teikningane er på kvit bakgrunn, noko som også gjer at dei er lette å sjå og forstå. Teksten er mindre viktig og står nedst på sidene, i fotnoteform. Likevel er dette ei bok med rauting på høgt plan.


Det kanskje aller tydelegaste er moralen: Det er ikkje så nøye så lenge ein berre får vere seg sjølv. Og det hjelper ikkje å misunne andre. Jorun set nemleg ein støkk i dei andre når ho seier frå at ho er lei kranglinga, og at ho aller mest berre vil vere ei ku. Kanskje kan denne vesle historia vere med på å løyse meir enn éin konflikt?


Kuvenninnene
Av Annlaug Auestad
Samlaget 2008

 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.