|
Skrive av Redaksjonen
|
|
Iver og Blå skal bake kake – den beste kaka i verda. Dei byrjar med gode, raude eple, men finn etter kvart ut at grøne eple, appelsinar, fisk og kjøttbein òg kan gjere seg som kakepynt. Ein hummar er det jammen også plass til på toppen.
Iver baker er eit godt utgangspunkt for samtale om fargar og fasongar og ikkje minst om kva som det faktisk går an å gjere. Ei søt lita bok for dei minste ungane, dette her.
Iver baker
Tekst og bilete: Marianne Nygård og Jørgen Nordlie
Damm forlag 2008
Bokmål
|
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Me møter Harepus, som under frukosten ein dag får ein kjempestor pakke levert på døra. Kven kan det vere frå og kva er inni pakken? Piggsvin vil gjerne hjelpe Harepus med å finne ut kva som er i pakken, og saman byrjar dei å pakke opp. Pakken viser seg å vere frå ein onkel i Australia, og inni er faktisk eit heilt trekkspel.
Dette er den enkle historia om mysteriet som vert løyst, og der ein til slutt endar med å hjelpe nokon ein ikkje visste trong det eingong. Den Vandrande Katt kjem nemleg forbi med ei trist historie, men så finn han trekkspelet og alt fell på plass.
I Pakken fra Australia er det teikningane, illustrasjonane som er det viktigaste. Teksten kjem i andre rekke og er meir å rekne som eit tillegg til teikningane. Framfor alt er det illustrasjonane som fortel og ber historia vidare.
Øien kan kunsten å skape eit eige univers med blyanten, eit lite samfunn som i stor grad minner oss om Hundremeterskogen. Her er også dyr som snakkar, som bur i hus, som lagar seg frukost og får pakkar levert på døra. Med andre ord dyr som lever som menneske.
Pakken fra Australia
Av: Jan-Kåre Øien
Cappelen Damm 2008
|
|
Skrive av Redaksjonen
|
|
Ein dag vaknar jentungen Rikke Benkestokk opp og finn ut at ho ikkje finn seg i at brør er slemme, foreldre skal bestemme alt, og at det er krig i verda. Rikke er verdas viktigaste person, og verdas viktigaste person gidd rett og slett ikkje meir. Denne giddeløysa spreier seg med stor fart til heile resten av verda, inkludert dei mytiske verdene Vallhall og Atlantis. ”Eg gidd ikkje meir!” kan ein snart høyre frå alle kantar.
Og med eit slik utgangspunkt så kunne dette blitt både spennande, fabulerande, provoserande og humoristisk. Dessverre blir det ikkje nokon av delane.
Som lesar blir eg derimot jaga frå side til side på leit etter ei forståing for kor denne historia eigentleg vil hen. Kva er det som gjer at når nyfødde babyar ikkje gidd kome ut av mora si, prestar ikkje gidd preike, Bollywood-songarar ikkje gidd synge eller fjellklatrar ikkje gidd klatre – ja så blir det fred i verda? Det er vanskeleg å sjå at det er nokon samanheng her, og det er heller ikkje så mykje som innbyr til vidare fabulering på eiga hand.
Det er synd. Illustrasjonane i boka er friske og dramatiske, og som lesar vart eg lokka av tittelen og omslaget til å tru at dette kunne vere noko så forfriskande som ei barnebok med eit feministisk forteikn. No kan eg ikkje skulde forfattaren for at eg tolka dette feil, men eg skulle verkeleg ønskt meg at Cornelius Jakhelln hadde teke barns store glede over å fabulere og dikte noko meir på alvor.
Rikke gidder ikke
Tekst: Cornelius Jakhelln
Teikning: Lars M. Aurtande
Damm 2008
Bokmål
|
|
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar
|
|
Dette er Rørvik og Dybvig sin niande roman saman. I 2005 fekk dei Kultur- og kyrkjedepartementet sin biletbokpris for samarbeidet deira. Og Tutomaten held truleg same nivået, den er både rufsete og sjarmerande, med ei morosam historie du heilt sikkert kjem til å leve deg inn i.
Me møter Reven og Grisungen. Reven har fått brev frå tanta si på Vestlandet om ei ny oppfinning: ein maskin som seier tut tut når ein puttar inn ei tomflaske. Reven og Grisungen vil gjerne lage sin eigen tutomat, men den skal derimot vere for fulle flasker som dei seinare kan drikke opp.
Det er ganske mykje tekst i boka, men samstundes er handlinga så konsentrert at det ikkje er så vanskeleg å fylgje med. Historia er også noko dei fleste av oss vil kjenne oss att i; me vil så gjerne skape noko andre har, og så går det kanskje ikkje heilt som planlagt til slutt. Her er eit vidt spekter av karakterar og levande skildringar. Den levande dialogen mellom Reven og Grisungen lyfter også historia opp og gjev eit godt utgangspunkt for høgtlesing.
Teikningane til Dybvig er godt kjende. Dei kan nesten sjå ut som enkle barneteikningar gjort i ein fei. Men det stemmer naturlegvis ikkje, her er både ein kraftfull strek og tydelege nyansar med små detaljer. Teikningane kan minne noko om teikneseriar, ikkje minst når Dybvig krydrar illustrasjonane med snakkebobler og mykje rørsle. Borna kjenner att dette språket – dei teiknar også sine første historier.
Tutomaten
Av: Bjørn F. Rørvik
Illustrasjonar : Per Dybvig
Cappelen Damm 2008
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |