Pit parion

altPass deg for krokodilla!

Les meir...

Pirion er...

...ei kulturavis for deg som jobbar i barnehage og småskule.

Les meir...


Her er du Les for meg!
Rampete Robin Lydbok
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

altRampete Robin feirar Halloween på sin eigen måte; han driv både foreldre og barnevakter til vanvit og plyndrar Gretne Grete sin hemmelege klubb.

Les meir …
 
Revehiet barnehage
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

Oisann!Ein sein ettermiddag i Revehiet barnehage vert barna uvenner. Dei kranglar og slåst, og alt er berre dumt. Ikkje så uvanleg kanskje? Men kva gjer ein når alle er trøtte? Kva kan dei vaksne gjere? Petter og Hilde i Revehiet barnehage veit råd; dei hentar Harriet som kjem med verktøykassen sin. Ein stor madrass på veggen må vere mykje betre å slå på, meiner dei.

Historia er lett å kjenne seg igjen i. Kven har ikkje opplevd at tolmodet renn ut og ein berre har lyst til å skrike og slå? Løysingane som kjem fram, er også lettvinte og gode. Her kan borna slå på puter og madrassar i staden for kvarandre. Men kanskje vert boka litt langdryg. Det går lang tid mellom dei ulike episodane, og løysingane vert kanskje litt vel like? Så mange episodar kan også gjere handlinga litt vanskeleg å fylgje med i.  

Les meir …
 
Torbjørn Isbjørn
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

Torbjørn IsbjørnLangt mot nord bur Torbjørn og alle dei andre isbjørnane. Men Torbjørn er ikkje heilt som dei andre isbjørnane, han frys nemleg. Dermed startar ei lang ferd for å finne ut om Torbjørn eigentleg er den isbjørnen han trudde han var. Her er mange spørsmål og mykje undring.

Les meir …
 
Den aller beste tingen
Skrive av Øystein Skjæveland   

Finn!Det er ikkje så mange barnebøker der me får fylgja hovudpersonen frå vilter fireåring til sengeliggjande eldre mann. Men det får me i boka ”FINN!”, som handlar om – nettopp – Finn og etterkomarane hans.
Finn er også ordspelet boka byggjer på – Finn si oppgåve er å finna. Og det han skal finna, er ikkje noko mindre enn Den Aller Beste Tingen. Til hjelp har han toget sitt, som fylgjer med gjennom heile boka. Dette toget kan gå både i luft og på sjø, og Finn finn mykje fint med toget. Men finn han det aller beste?

Les meir …
 
Spelejenta
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

SpelejentaJon Fosse er ute med ny barnebok. Denne gongen om ei synsk lita jente som tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste faren som sit åleine på ei øy. Alt saman ser ho i handa si. Dette er ei rørande historie om ei lita jente som møter mange utfordringar på vegen før ho finn faren sin att. Fosse har ei magisk evne til å fortelje så levande at barnet kan leve seg inn i historia og sjølv vere med jenta på oppdagingsferd.
Historia har også fleire trekk frå eventyret. Jenta har sin eigen løyndom, ho ser magiske ting i handa si, og oppdagingsferda hennar kan godt minne om Askeladden på tur. Ein skal heller ikkje gløyme fela, musikken speler ei viktig rolle som verkemiddel i forteljinga. Den bind handlinga saman.

Les meir …
 
Eventyrboka
Skrive av Judith Sørhus Litlehamar   

EventyrbokaMange hugsar nok Godnattboka som Skald gav ut i 2007. No kjem oppfylgjaren, Eventyrboka. Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr. Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av klassiske eventyr, medan andre har skrive nye. Eventyra passar både for høgtlesing og eigenlesing. Dei yngste lesarane vil nok ha mest glede av dei første eventyra, utover i boka vert dei nemleg litt meir avanserte og passar betre for dei eldre barna.

Her kan ein lese om korleis ein jaktar gnu, om stemma som vart borte, om dronninga i berget blå, og om Kladden som ingen kunne målbinde. Blant dei som har bidrege med eventyr, er kjente forfattarar som Erna Osland, Einar Økland, Helga Gunerius Eriksen og Ingelin Røssland.

Les meir …
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Del på facebook

Lenker

Facebook lenk
Følg oss på facebook!

Tunkatten.no

Nynorsksenteret_Les for meg

Norsk Barneblad

Blåmann bokklubb

Gjennom ord blir verda stor_Noregs Mållag

Det Norske
 Samlaget

Skald forlag

Mangschou
forlag

Bokdykk-Kulturbokhandelen på nett 

Lesefrø_Lesesenteret

Kvitebjørnen-undring og læring

Magasinett - for deg som meiner noko

Mot til å meina

Folkemusikk.no-folkemusikkarkiv for heile landet 

Klikk der! konferanse om bruk av digitale verkemiddel i barnehagen 

Barnebokkritikk.no 


Pirionkurs

Kva skal til for å skape ein kulturbarnehage? Kva slags kultur vil vi at barna våre skal vekse opp med? Pirion skipar til Pirionkurs for store og små grupper.

Ta kontakt for tilbod og informasjon, eller les meir om Pirionkursa. 

Tips oss

DustemannHar din barnehage noko spennande på gang? Eller er det noko du synest vi bør skrive meir om? Vi vil veldig gjerne høyre frå deg.Tips oss på e-post eller ring redaksjonen 52 79 04 82.