Dei nynorske barnesongane

i kategorien Pit parion

Arild Torvund Olsen, NynorsksenteretNynorske songar er ein flott måte å verta kjend med språket på. Og songtekstane me lærer i barndomen, er gjerne av dei tekstane me hugsar best, livet gjennom. Nynorsksenteret lanserte nyleg den flotte, nyskrivne barnesongen Dagane, der diktaren Hilde Myklebust har skrive eitt vers om kvar av dagane i veka. Songen kan lastast ned gratis frå vevsida til Nynorsksenteret:

 

 www.nynorsksenteret.no/dagane/ 

Songen går inn i ein lang tradisjon med fine barnesongar på nynorsk, og i spalta mi vil eg denne gongen presentera fem av dei nynorske barnesongfavorittane mine. Nokre av dei hugsar eg frå eigen barndom, andre er nyare, men alle er lett tilgjengelege via Spotify og Wimp.

Okken Bom

Den skotske barnesongen «Aiken Drum» har vore omsett til både nynorsk og bokmål. Den nynorske tolkinga, med Olav Stedje som vokalist, kom opphavleg på Rocken Bom-plata tidleg på åttitalet, men har nyleg kome ut i ny innspeling på plata Alle våre barnefavoritter (framleis med Olav Stedje som songar). Nynorskutgåva læt friskare enn bokmålsutgåva, mellom anna takk vera fleire synkopar i melodien. Skilnaden er faktisk so stor at eg framleis godt hugsar korleis eg, då eg gjekk i barneskulen, reagerte med sjokk og vantru då ein lærarvikar spelte bokmålsutgåva for oss. Okken Bom skulle jo vera tøff og på nynorsk, ikkje keisam og på bokmål.

Kveldssong for deg og meg

Odd Nordstoga har laga mykje bra for born, med Svingensongen, Vårsong og Bestevenn-plata som nokre av høgdepunkta, men tonesetjinga hans av Hovland-diktet «Kveldssong for deg og meg» må vel seiast å stå i ei særstilling. Songen finst òg tolka som teikneserie på www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/kveldssong.html

Per Spelmann

Det fine med klassikarar som Per Spelmann er at dei gjerne finst i mange ulike, gode innspelingar, og Per Spelmann er ikkje noko unntak. Du har alt frå den irske folkrock-tolkinga til gruppa Tempest, til Fantorangen si sjarmerande tolking på NRK Super. Og visste du at Helge og Rune med The Stringers i 1966 spelte inn ein rockeversjon?

Kråkevisa

Kråkevisa er ein av dei få songane som eg både har likt i barndomen, ungdomen (der eg stort sett tykte andre barnesongar var barnslege) og vaksen alder. Songen er ein gamal ballade som finst i mange variantar, både her til lands og i nabolanda våre, og han finst sjølvsagt i mange innspelingar, mellom anna i ei stemningsfull tolking med Morten Harket (frå plata Kvirrevirrevitt) og i verdsmusikk-tolking med gruppa Vindrosa.

Nede på stasjonen

Plata Kvirrevirrevitt inneheld fleire fine tolkingar av kjende barnesongar, og den beste er Good Time Charlie si blues-inspirerte tolking av «Nede på stasjonen». Teksten er på nynorsk (med nokre dialektinnslag), og musikken underbyggjer heile tida teksten, anten toget gassar opp eller gassar ned. Songen er rett og slett tøffare enn toget.

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.