Leik – tull og fjas eller fag og kulturskaping?

i kategorien Pit parion

Ragnhild Lied

Eg har undra meg på om nokre av dagens politikarar er redde for at barn leiker i barnehagen? På nyåret tok Kristin Vinje til orde for at det kanskje er best å starte i skulen som femåring – fleire politikarar i Høgre og Arbeidarpartiet kalla dette for «eit spennande forslag». Berre SV og KrF sa tydeleg i frå at senka skulestart ikkje er aktuell politikk.

 

Vi må ikkje «formalisere» bort leiken – det vil ikkje gi barn betre utdanning. Det finst leikprega pedagogikk – og det finst leik som berre har eitt formål; at barn sjølv skal være i lag og gjere det dei synest er mest moro. Begge delar må det vere plass til i barnehagen – ikkje minst den siste forma for leik.

«Leik er barn si uttrykksform» seier mange av mine barnehagelærar-kollegaer. Og dei finn støtte for ei slik forståing både i teori og i erfaring frå barnehagen. Om vi skal ta dette på alvor, så er leiken like viktig som å lære seg å uttrykke seg munnleg og skriftleg. Leik er rett og slett «grunnleggjande ferdigheit» for ein femåring.

Men dette betyr ikkje at ein barnehagelærar ikkje har ei pedagogisk oppgåve. Gode relasjonar mellom barn og mellom barn og vaksne kjem ikkje av seg sjølv. Og om leiken er ei ytingsform, så treng han innhald. Barnehagen må syte for varierte faglege og kulturelle erfaringar som barn kan ta med seg inn i leiken og omskape på sitt eige vis.

Ei av kjeldene til rikare leik er barnekultur – ei anna er gode naturopplevingar. Som lærar i gym og matte veit eg å sette pris på læring som inspirerer til kreativitet og leik. Me må vise fram korleis barnehagen balanserer mellom den leikprega pedagogikken og leik som barn si eiga verksemd. Dei to formene for leik inspirerer kvarandre – men er ikkje dei same. Og det krevst kunnskapsrike lærarar for å handtere denne balansen i femåringen sin kvardag. Eg trur det er barnehagelæraren som har den kunnskapen som trengs for at barn skal få utvikle leiken som ytringsform.

Ragnhild Lied er leiar i Utdanningsforbundet

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.