Dei usynlege bøkene

i kategorien Pit parion

Simone Stibbe er forleggar og forlagssjef i SKALD foto: Tove K. Breistein

Eg er bekymra for den nynorske barne- og ungdomslitteraturen.

Ikkje fordi det ikkje finst mange og gode bøker for barn og unge på nynorsk. Tvert imot, kvaliteten på det som vert utgitt er usedvanleg høg, og nynorskskrivande barne- og ungdomsbokforfattarar vinn fleire prisar enn deira bokmålskrivande kollegaar. Det er heller ikkje utvalet på nynorsklitteratur for barn og unge eg er uroleg for, for det kjem om lag 25 nye titlar for unge i alle aldersgrupper kvart einaste år, og med den nye lettlestserien Leseland, er også lesebegynnarane og unge med lesevanskar sikra eit godt utval av svært godt tilrettelagde bøker.

 

Nei, det eg er bekymra for er synlegheita av denne nynorske litteraturskatten.

Dei siste åra har bokhandlane blitt meir og meir sentralstyrte, og den enkelte bokhandelen kan i mindre grad satse på bøker som ikkje er kjøpte inn av kjeda sentralt. I tillegg blir det færre bokhandlarar som tør å ta inn mange andre titlar i tillegg til alt det sentrale dei skal selje. At nynorske barnebøker ikkje har første prioritet på kontora til dei sentrale kjedene er ikkje noko løyndom.

Blåmann barnebokklubb sørga i eit tiår for å barnefamiliar med eit godt utval av nynorske barnebøker for barn mellom 0 og 12 år. Etter at bokklubben gjekk konkurs våren 2013, har mangelen på ein sentral aktør som serverer barnebøker til foreldre, besteforeldre og ikkje minst barnehagar, resultert i at salstala, og dermed opplagstala, på nynorske bøker for barn og unge har stupt.

Forlaga får stadig tilbakemelding om at det finst for få barnebøker på nynorsk, samstundes blir bøkene liggjande på lagera, usynlege for både foreldre, besteforeldre og barn.

Det er mykje godt bokstoff i norske dags- og vekesaviser, nokre har til og med eit eige magasin eller eigne seksjonar for bøker. Bøkene får også eksponering i radio og til tider på TV. Men kvar er barnebøkene? Nokre aviser omtaler barne- og ungdomsbøker samla to–tre gongar i året, og då gjerne eit utval av fem–seks titlar, men det seier seg sjølv at det ikkje kan bli mange av dei 25 nynorske publikasjonane som kjem med her.

Ja, det finst gode nettstadar som fokuserer på barnelitteratur, som barnebokkritikk.no, og det finst til og med eigne nettstadar for nynorske utgjevingar, som nynorskbok.no eller framtida.no; og det finst Pirion. Dei gjer ein svært god og viktig jobb, og det er ikkje tvil om at vi treng dei, men dei kan ikkje bere heile ansvaret åleine. Dei fleste av desse nettstadane er avhengige av at foreldre, besteforeldre, lærarar, barnehagetilsette, bibliotekarar etc. oppsøker sidene aktivt. Men skal vi gi den nynorske barnebokskatten eit nytt og sterkt tiltrengt løft, må bøkene bli synlege også for dei passivt målmedvitne familiane.

Når bøkene ikkje er synlege i bokhandelen, og folk heller ikkje får lese mykje om dei i dags- og vekesavisene, kvar skal dei få vite om det som vert utgitt?

For ikkje så lenge sidan kunne eg ha nemnt eit lyspunkt i all mi bekymringa: biblioteka. Utlånstal på barnebøker er høgst av alle sjangerar. Men om det skal kuttast i innkjøpsordningane for barn og unge, fordi kulturministeren ynskjer å spare inn 10 millionar, då er det på tide at vi alle viser at vi er bekymra.

Mitt råd til alle som i lag med meg er bekymra for synlegheita av og dermed framtida til den nynorske barne- og ungdomsbokskatten: Spør etter bøkene både i bokhandelen og media, mas og mas, om og om att!

 

Simone Stibbe er forleggar og forlagssjef i SKALD

 

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.