«Ej vil høyre TÅOTÅO!»

Skrive av Anne Marta V. Vadstein. i kategorien Pit parion

Illustrasjon: Per Ragnar Møkleby

…kom det frå treåringen i baksetet. Vi hadde nokre timar bilkøyring bak oss, og enno fleire framfor oss før vi var heime igjen.

 

TOTO, ja, det var eit underleg musikkønskje for ein treåring, tenkjer kanskje du. Men, minstemann har erfart at med musikken til bandet TOTO følgjer det ofte allsong og skråling, god stemning og luftpianosoloar. Musikken og songen skapar godkjensle i magen og forsterkar fellesskapskjensla. Andre gongar er det songane «Klart eg kan!» eller «Nede på stasjonen» som står øvst på lista. Også det med allsong til, og nokre fleire ord i samlinga til minstemann for kvar gong.

Poenget mitt er at barnet ønskjer musikken og songen i livet sitt. Både for musikken sin eigen del, men også fordi han kjenner på eit fellesskap og på ei glede over å forstå kva musikkspråket handlar om. Barnet forstår instinktivt at rytmiske og raske songar kan ein godt hoppe opp og ned og danse til, medan rolege songar er fine å kvile til. «Eit barn vert fødde med 100 språk, men frårøva 99», seier Loris Malaguzzi, mannen bak Reggio Emilia-pedagogikken. Songen og musikken er i oss frå vi ligg i magen og kjenner rytmen og stemma til mor. 

Vi treng også musikken i barnehagen. Ikkje berre i samlingsstunda, men også den spontane songen og dei små reglene. I stellesituasjonen, ved bordet, i leiken. Heng gjerne opp ulike rim og regler ved stelleplassen eller i garderoben, så du kan prøve deg på ei ny regle neste gong. Musikken skaper fellesskap, kontakt og tryggleik. Musikken rører ved heile mennesket. Det er dessutan veldig vanskeleg å vere sint på nokon som ein syng i lag med!

La det gå sport i å samle på songar som passar til ulike aktivitetar. Samle på dei, henge dei opp eller feste dei i barnehøgd på veggen eller på golvet, med både tekst og ein liten illustrasjon til. Oppmuntre kvarandre til å syngje. Og, om du absolutt ikkje likar det kan du verte ein reser på regler utan melodi.

I arbeidet med språkstimulering i barnehagen er songar, dikt og regler viktig. Det utviklar ordforrådet og gir barnet ei forståing av rytme og rim lenge før dei lærer at det heiter det. Nokre gongar vel ein engelske songar, andre gongar er teksten på bokmål eller ulike dialektar. Ikkje gløym å også velje nynorske songar og nynorske tekstar knytt til rutinesituasjonar som bordvers, bursdagssongar, namneleikar og så vidare. Hugs at barnehagebarn lærer nynorsk gjennom øyra. Og du; ha det kjekt, då!

Du finn tips til songar, dikt og bordvers på www.nynorsksenteret.no/songar

 

Eit eple veks fram frå ei blømande grein
To geiter spring rundt på lette bein
Tre fiskar glitrar så blankt i ein fjord
Fire poteter ligg djupt i si jord

Tenk å få ete seg mett kvar ein dag
Kom, lat oss ete og drikke i lag

Hilde Myklebust

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.