Derfor startar me Framtida junior!

Skrive av Svein Olav Langåker. i kategorien Pit parion

Eg blir så glad når så mange lærarar ønskjer fleire digitale ressursar på nynorsk i skulen!

 

97 prosent av lærarane i nynorskområde ønskjer fleire digitale læringsressursar på nynorsk. Det er tal eg blir glad for, fordi det viser at lærarane er medvitne på kor viktig det er at borna møter nynorsk i skulekvardagen.

Men korleis står det til i skulen no?

På nynorske barneskular som bruker pc eller nettbrett minst éin gong i veka i undervisinga, er det heile 77 prosent som må bruka digitale ressursar som berre finst på bokmål.

Det er alvorlege tal.

Digitalt nynorskløft

Framtidajunior.no er eit nynorskløft for elevar på barnetrinnet som starta for nokre veker sidan. Nettsida inneheld ei blanding av nyhende for born, faktaartiklar, videoar, quizar og nokre oppgåver til artiklane. For meg er dette vel så mykje eit demokratiprosjekt som eit språkprosjekt.

Eg tenkjer det er ein demokratisk rett for born å få møta sitt eige språk i kvardagen.

Utdanningsdirektoratet og Kulturdepartementet har støtta oppstarten, og Nynorsksenteret vil vera med på å utvikla pedagogiske opplegg til digitalsatsinga.

Elevane ved Sagvåg skule på Stord gav sist veke rørande svar til NRK Hordaland om kor viktig det er å ta vare på nynorsken, og kor godt dei likar Framtidajunior.no. Eg håpar endå fleire skular vil bruka sidene våre!

Kom gjerne med tilbakemeldingar til oss om det er tema som me bør skriva om, eller noko me kan gjera endå betre!

Og hugs å melda deg på nyhendebrevet vårt!

Håpar på mange brukarar

Sidan 2010 har Landssamanslutninga av nynorskkommunar drive Framtida.no. Nyhende- og debattavisa for ungdom har opplevd ein stor auke i brukartalet, og har så langt i år hatt over ein halv million brukarar innom nettsidene sine.

Framtida.no-redaksjonen samarbeider med fleire lokalaviser, ABC Startsiden og fleire andre om satsinga.

Papirutgåve også
3. november kom Framtida junior for første gong ut med ei eiga papiravis. Førsteopplaget var på 57 000 eksemplar, takka vera samarbeidsavisene våre Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland. Avisa vil koma ut kvar 14. dag, og har mykje innhald som du ikkje får på nett. Eg håpar flest mogleg skular vil abonnera på denne!

Og litt reklame til slutt:

Bestiller de klassesett på fleire enn 15 eksemplar før 13. november, så får de 20 prosent rabatt!

Her kan de bestilla abonnement: framtidajunior.no/bli-abonnent

Stiftinga Pirion v/Svein Olav Langåker, Midthaugen 5, 5411 Stord. Telefon 94 87 53 65. Epost Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. Org.nr 983 173 276.  MELD DEG PÅ NYHENDEBREV HER!

Pirion får støtte av Fagforbundet og KLP gjennom Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Utdanningsdirektoratet støttar òg Pirion.